Har avdekt eitt tilfelle av turberkulose i barnehagen. – Smittefaren er veldig liten

Eitt barnehagebarn i Kviteseid kommune er smitta av tuberkulose.

Det stadfestar kommuneoverlege Kine Jordbakke til VTB fredag kveld.

– Smittefaren er veldig liten. Dei som skal bli testa i barnehagen har fått beskjed, opplyser kommuneoverlegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Folkehelseinstituttet skriv at tuberkulose kan vera ein alvorleg sjukdom dersom den ikkje blir behandla, men dei aller fleste som får behandling blir heilt friske.

Tuberkulose skuldast bakterien Mycobacterium tuberculosis. I dei fleste tilfella oppstår sjukdomen i lungene, men tuberkulose kan ramme alle kroppens organ, skriv FHI på heimesida si.

Dei som har vore nærkontakt til den smitta bør ta ein test etter ei veke, og deretter etter 8–10 veker. Andre personar som har vore i kontakt med smitta i meir enn 8 timar er tilrådd å ta ein test etter 8–10 veker, er meldinga frå kommuneoverlegen i eit skriv til dei som har vore nærkontakt til den smitta.

Noreg er i dag eit av landa med færrast påviste tilfelle av turberkulose. Årleg får færre enn 300 personar sjukdomen, ifylgje FHI.