Helga som lyfter fram mangfaldet:
Håpar vesttelane får augo opp for den unike sommarleiren
At det er Bygdepride i Treungen andre helg i juni veit vesttelar flest. At det er Camp Unik i Fyresdal samstundes har kanskje gått meir under radaren.
– Dei booka leirstaden for i år før dei hadde reist i fjor, smiler sokneprest i Fyresdal, Marte Martilla Dybdal.
Ho og diakon Eilev Erikstein lener seg mot kyrkjegardsmuren ved Moland kyrkje i ein sval bjørkeskugge. Herfrå tek det omtrent eit minutt å gå til Fyresdal kurs- og leirstad. Tretoppvegen er også rett i nabolaget, og alt saman ligg nydeleg plassert ned mot Fyresvatn.
Hit kom Camp Unik for fyrste gong i fjor. Leiren har eksistert i sju år, og er eit av dei største tilrettelagde leirtilboda for personar med funksjonsvariasjonar i Agder og Telemark.
Fleire var spente og litt nervøse over flyttinga av leiren, men Fyresdal leverte så til dei grader. Arrangørane, Skjærgårds Live og Agder og Telemark Bispedømme, kalla bygda «den perfekte ramma for eit strålande leiropphald» etter fjorårets leir, og booka med ein gong datoane for i år – 12. - 14. juni 2026.
Eit pusterom
Nokre av deltakarane på Camp Unik har fysiske funksjonsvariasjonar – til dømes at ein er avhengig av rullestol. Dei fleste har også ein kognitiv funksjonsvariasjon som til dømes autisme eller Downs Syndrom.
Alle har med seg ein følgjeperson på leir, til dømes ein pårørande, og på leiren får både deltakarar og følgjepersonar oppleve fellesskap og nyte god mat som blir laga til av frivillige frå kyrkjelyden i Fyresdal. Vidare er det aktivitetar som kor, drama, musikk og samspel, kreative verkstadar og sport.
Leiren kan vere eit kjærkoment pusterom frå ein kvardag som til tider er vanskeleg. Dybdal finn fram eit sitat frå ei mor som var med som følgjeperson på leiren i fjor:
«Her er det også godt for meg å vere. Eg treffer andre i nokolunde same situasjon, får råd og tips, og ikkje minst; eg slepp å få blikk og måtte forklare eller unnskylde mi dotters veremåte.»
– Og det var ei av tilbakemeldingane mange kom med i fjor, at på Camp Unik blei dei pårørande også møtt, seier Dybdal.
– For alle, uansett kor mykje ein trur
Sjølv leia ho avslutningsmessa på fjorårets leir, og er veldig glad ho tok med seg ungane sine på denne.
– Dei synest det var heilt fantastisk å vere med, og få oppleve all den livsgleda.
– Det handlar om at menneskeverdet femner om alle menneske, nikkar Erikstein, som også hadde ein aktivitet på leiren i fjor: Pilgrimsvandring på Tretoppvegen.
– Vil de seie at dette er ein leir som hovudsakleg er for kristne deltakarar?
– Denne leiren er for alle, uansett kor mykje ein trur, svarar Dybdal. Ho er overtydd om at det å koma saman og vere fleire er viktig.
– Nå som det ikkje er store institusjonar lenger, kan personar med funksjonsvariasjonar bli litt usynlege for folk, seier ho.
– Me treng å løfte fram at mangfaldet berikar oss. Dette er som ein Treungenfestival for funksjonsvarierte, nikkar Erikstein.
Etterlyser vesttelar
Eit tankekors for presten og diakonen er at det ikkje er nokon vesttelar påmelde til Camp Unik. Nå er påmeldingsfristen ute, og leirstaden er fullbooka med tanke på overnatting, men ifølge arrangørane er det framleis mogleg å bli med.
– Dei som er interesserte kan bli med på opplegga både på dagtid og kveldstid. Då kan dei berre kontakte meg for å avtale dette, seier Torbjørn Tveit i Skjærgårds Live.
Det håpar Marte og Eilev at mange gjer – og at det i alle fall blir mange vesttelar å sjå i kyrkja på sundagen. For i år som i fjor vil mange av aktivitetane gjennom helga kulminere i ei messe i Moland kyrkje. Der bidreg leirdeltakarane så mykje dei ønskjer, med prosesjon, song, drama og musikk – og alle som vil er velkomne inn i fellesskapen, utan noko påmelding.
– Det er jo butilbod rundt om i Vest-Telemark der ein heilt sikkert kan få til å fylle ein bil eller to og ta ein tur til Moland kyrkje denne sundagen. Då får ein i alle fall eit innblikk i kva leiren er, seier Dybdal.
– Og eg kan garantere at dei ikkje går uberørte ut att derfrå.
Ho håpar eit besøk i år kan gjere at vesttelane får opp augo for den unike sommarleiren i Fyresdal, og at nokon vil melde seg på neste år.
– I Vest-Telemark har me små tette fellesskap, men me må litt ut. På leir er me mange. Her bygger me tryggleik.