Populært: Aktivitetstilbodet har vist seg å vera populært blant vinjeungdommen. Her frå klatreskogen i Evje i 2018.

Håpar på god oppslutning om lokalt ferietilbod

Dei siste to somrane har Vinje kommune organisert diverse aktivitetar for ungdommane mellom 13-19 år i kommunen. Det er tilfellet også i sommar, om enn med ein meir lokal vri enn tidlegare.

Den fyrste samlinga for sommaren går føre seg på «Vinjevatn resort», området rundt Uen og Sandnes, 24.-25. juni, der det er sanitæranlegg og gode overnattingsmoglegheiter.

– I og med at me må halde oss lokalt i år av omsyn til smittevern, er det viktig tilbodet er så godt som råd, konstaterer Silje Hagen, ungdoms- og fritidsleiar og SLT-koordinator i Vinje kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har planlagt mange aktivitetar både på land og på vatnet. Mellom anna blir det både vasski og tubing etter båt, sup-brett, fisking, ballaktivitetar og livemusikk ved Irmelin Trøite, held Hagen fram.

Hagen er saman med assisterande rådmann, Anders Sandvik, og leiar av friviljugheitssentralen, Ea Kristine Bakken, pådrivarar av aktivitetstilbodet.

– Eg trur det er spesielt viktig med eit slik tilbod i sommar, då det nok er ganske mange ungdommar som er ganske sveltefôra på sosiale aktivitetar etter våren me har hatt, seier Sandvik.

– I tillegg er det heilt sikkert ein del ferieplanar som har gått i vasken grunna koronasituasjonen, så me er opptatt i å ha eit godt tilbod, då åtte veker ferie er lang tid utan planar, held han fram.

Lågterskeltilbod

– Det er viktig for oss å få fram at dette er eit tilbod for alle ungdommane i kommunen, og ein arena for dei kan møtast på tvers av bygdene. Det er òg viktig for oss at det er eit rimeleg tilbod økonomisk sett, så både transport, mat og overnatting er inkludert i dei 150 kronene det kostar å melde seg på, forklarar Sandvik.

Sandvik fortel også at kommunen har samarbeidd med barnevernet for å forsikre seg om at all ungdom i kommunen er inkludert. I tillegg har dei involvert lokal ungdom i utarbeidinga av aktivitetstilbodet.

– Me har hatt ein god dialog med ungdomsrådet. Det aller viktigaste for oss er at me tilbyr aktivitetar som ungdommen sjølve er interesserte i, seier Hagen.

God oppslutning

– Me prøvar å tilby aktivitetar i kvar ferie, året rundt. Oppslutninga har vore veldig god, spesielt om somrane. I fjor hadde me om lag 60 stykk med til Tusenfryd, som er gode tal med tanke på folketalet i kommunen, seier Hagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hagen seier ho er spent på om oppslutninga blir like stor når det er lokale aktivitetar som blir tilbydd.

– Om eg skal tippe vil eg anslå mellom 10-30 deltakarar i år, men dette er sjølvsagt avhengig av vêret, så me kryssar fingrane for at vêrmeldinga held seg og at det er mogleg å vera ute, seier ho.

Spent: Ungdoms- og fritidsleiar i Vinje kommune, Silje Hagen, er spent på korleis oppslutninga rundt tilbodet blir i sommar.

– Me har kjøpt inn nokre lavvoar slik at det skal vera mogleg å sova med smittevernvennleg distanse mellom folk, men om vêret blir heilt krise har me ein innandørs reserveplan, forklarar Sandvik.