Halvor må på med «Møsstrondbrillene» før nestemann kan gripe mikrofonen
– Høgt heng dei og sure er dei, ler Halvor Vasshus idet han dreg siste lapp ut av den svarte fløyelsveska som Åsta Østmoe Kostveit held høgt i vêret. «Halvor», står det.
Både parkeringsplass og garderobestativ er fullstappa på Austbø hotell den aller siste dagen i joli.
Det er andre tysdag i januar og «Viser og dikt» på programmet. Slike musikalske poesikveldar har det vore i Rauland kvar månad heilt sidan 2011.
Den som er i rampelyset når det nærmar seg pause er Eystein Matheussen. Han avrundar den sjølvskrivne songen sin om januar, og får applaus frå dei nokre-og-tjue i publikum.
– Eg er like overraska kvar gong nokon klappar. Men det viser at publikum på «Viser og dikt» er veloppdragne, spøker Eystein.
Østerdølen og finnmarkingen
Muntre replikkar frå både østerdølen Åsta og finnmarkingen Eystein er heilt vanleg på «Viser og dikt». Det er dei som steller til desse kveldane, og dei er også stadig å sjå bak mikrofonen.
Som regel er det ein bestemt lyrikar som er tema fyrste del av kvelden , og ofte har Eystein laga melodiar til dikt av denne. Dessutan har han skrive mange songar der han både har laga tekst og melodiar.
– Kan me finne deg på Spotify, då kanskje?
– Nei, men eg har gjeve ut ei visebok, svarar den muntre trubaduren. Me har kome til kaffepausen midtvegs i dikt- og visekvelden, og Eystein har lagt bort gitaren ei lita stund. Ved sida av han sit endå ein musikar; Vegard Omdal har teke turen frå Åmot og har med seg både keyboard og trekkspel.
– Eg blir 80 i mars, medan du, Eystein er ein ungdom på 78, smiler Vegard.
– 77? Nei, er du verkeleg berre 76? legg han til i rask rekkefølge då han ser det påtatt sjokkerte andletet til Eystein. Dei to er ikkje berre aktive med viser og musikk her i Rauland – siste torsdagen kvar måndag steller dei også til visekveld i Åmot.
Seks mann og ein kolomn
Åsta dreg fram solbrillene frå Møsstrond att, og veska med dagens frivillige bidragsytarar. Nestemann ut blir Gjermund, som verken har viser eller dikt på lager. Han tek eit miniforedrag om trekolomnen i Tjønnegrend.
Vinteren 1941-42 flytte nemleg seks mann frå Solør inn i andre høgda heime hos vesle Gjermund Nordskog og familien hans. Karane kom for å bygge kolbrenningsomn, og sette spor etter seg både inne og ute.
– «Vi er nu seks mann i denne kåken› skreiv dei på sengeenden, og så namna på alle seks, fortel Gjermund.
Ute sette dei i gang med å bygge ein stor teglsteinsomn i vinterkulda. Den var seks meter lang, fire meter brei og to meter høg, og veggane var halvannan teglstein breie.
Inni den smatt det 48 kubikkmeter, eller 4 storfamn. Denne veden var fire mann i sving for å skaffe – dei hogg reis i skogen i Tjønnegrend.
– Det var nok ein lite triveleg jobb i kulda, men det var éin som visste råd, fortel Gjermund.
– Han fann ut at det var lettare å koma seg ut på jobb viss han la att tobakken sin i vedladet. Då blei han dregen ut.
Jernbanen i Tjønnegrend
Det var om å gjere å lø veden inn i omnen så tettpakka som råd, med minst mogleg luft. Nokre små kanalar i botnen gjorde at ein fekk tent på noko tørt midt inne på golvet, og ventilar rundt veggane gjorde at ein kunne kontrollere temperaturen.
I kvar ende var dei ei pipe som sytte for trekk, men det måtte ikkje brenne for godt, berre ulme, elles brann veden opp. Vart trekolet laga på rette måten, skulle det ha ein lyd som glas når ein slo på dei forkola stokkane.
Trekolomnen førte også til at det vart jernbane i Tjønnegrend – ein skjenegang med ei tralle på som Gjermund hadde mykje moro med som liten. Men sjølve produksjonen heldt ikkje på så lenge – det vart berre laga trekol i Tjønnegrend frå 1943 til 1945. Då gjekk selskapet konkurs, og far til Gjermund kjøpte omnen frå konkursbuet.
- Han banka den ned og bygde piper. Så då fekk mange i Tjønnegrend bytt ut gråsteinspipene sine.
Presidenten og jolehalmen
Lapp etter lapp har kome ut av veska, og til sist er det berre éin att. Der står det altså Halvor, og også han har litt historie på lager.
Halvor fortel at fram mot år 1900 fanst det ein skikk somme stadar i Noreg der alle i husstanden, både sjølvfolket og tenarar, søv saman på «jolehalmen» kring årsskiftet. Meininga var då at husbonden skulle stå fyrst opp og varte opp resten. Denne skikken kan ha røter heilt attende til romartida, der det var tradisjon at alle skulle vere like ved årsskiftet.
– At husbondsfolket nedlèt seg til tenararbeid skulle vise likeverd, og det skulle beskytte husstanden mot ufred og ueiningheit, forklarar Halvor.
– Då er det litt interessant med Trump, som kyter av alle rikingane som skal styre landet. Romarane hadde funne ut at viss ulikskapen var for stor, var det fare for at det kunne bli oppstandelse og ufred. Det er kanskje noko han kompisen borte i Amerika burde tenke på.