Gull og sølv til fotballbesta: Det æ så koseleg og rørande!
Sondre Auklend (22) spelar på Bodø Glimt. Bror Vetle (20) spelar på Viking. Heime i Rauland sit besta Gudrund Hommo og heiar på begge to. Sundag var det serieinnspurt i eliteserien. Viking og Bodø Glimt kniva om gullet. Besta Gudrund var garantert feiring!
– Eg kjem til å vere litt nervøs. Eg gruar meg litt. Eller – eg er vel i grunnen mest spent.
Latteren trillar ut av Gudrund Hommo. Det er ikkje så rart ho er glad – og stolt. For kor ofte finn ein eigentleg ei bestemor oppi Vest-Telemark med barnebarn som er så flinke til å spele fotball, og attpåtil knivar om seriegullet for kvart sitt lag i norsk eliteserie?
Bli med til besta Gudrund i Rauland – som aldri har vore interessert i fotball – før barnebarna Sondre og Vetle blei fotballspelarar på elitenivå.
Må sjå kampar
– Det æ så moro! Du veit, dei seier nordmenn er fødd med ski på beina, men desse to er fødd med fotball i beina. Skjønt – dei var veldig flinke på ski og når dei var små. Dei har gått mykje på ski her på Rauland. Men nå er det vel stort sett fotball.
Gudrund ladar opp til serieavslutninga i godstolen heime i Rauland. Ho skal sjå kampane Bodø Glimt-FFK og Viking-Vålerenga i Oslo hos dottera Marianne, som er tante til Sondre og Vetle. Viking leiar serien med eitt poeng før den avgjerande runden.
– Eg var absolutt ikkje interessert i fotball før. Eg har blitt det nå i det seinare. Det byrja vel då Sondre starta for A-laget til Viking. Fotball var kjedeleg før det. Nå må eg berre sjå kampane.
Me pratar med ho rett før Bodø Glimt (Sondres lag) skal møte Juventus i Champions League. Ho er som vanleg spent på barnebarnet sine vegner.
– Det gjekk ikkje heilt vegen denne gongen, men Sondre var god, seier ho etterpå.
Engasjementet er det ingen ting å seie på, og Gudrund løftar armane i vêret når det går bra med gutane.
Mange gode minne
Sondre og Vetle, søner av Birgit Hommo, har vekse opp i Stavanger. Men i feriane, ja, mest alle feriar ifølgje besta, har dei vore på Rauland.
– Dei har vore så glade for å kome hit.
Bestefar John, Gudrunds mann, døydde i sommar, og minna strøymer på.
– Gutane var med han i traktoren og i fjøset, ja, dei var med på alt ting. Og han syntest også at det var veldig moro å sjå dei spele fotball, fortel ho.
– Og fotballferdigheitene; kjem dei herifrå?
– Å langt ifrå. Me var ikkje gode i fotball, seier ho og ler.
Men så var dei gode på så mykje anna, ifølgje Sondre og Vetle. VTB har prata med begge gutane. Den eine på telefon frå Stavanger, og den andre på telefon frå Bodø. Og for ordens skuld; begge Auklend-gutane har spela på A-laget for Viking, men i fjor blei Sondre Bodø Glimt-spelar. Vetle spelar venstre back og Sondre er midtbanespelar.
Besta følgjer med
– Me har reist mykje til Rauland i helger og feriar, og har hatt utruleg stor glede av det. Me har eit veldig godt forhold til besta, det er mykje kjærleik der.
Sondre fortel om ei bestemor som berre er snill og grei, og som han kan snakke med om alt.
– Eg får ikkje sjå ho like ofte som før på grunn av fotballen, men snakkar litt med ho på FaceTime. Eg synest ho er god med teknologi, og får meldingar med hjarte-emojis og smilefjes – det er veldig koseleg.
Bror Vetle fortel at det alltid har vore veldig god avkopling å kome til Rauland, og at besteforeldra har betydd mykje.
– Besta er ein viktig støttespelar, og det er veldig kjekt for oss at ho er blitt så fotballinteressert.
Sondre fortel at besta følgjer godt med.
– Ho les mykje, nesten litt for mykje kanskje, he, he. Ho likar ikkje når folk ikkje skriv positivt.
Me spør Vetle korleis det eigentleg er å knive med storebror om seriegullet.
– Det er litt spesielt. Eg håpar alltid at han skal gjere det bra, men håpar Bodø Glimt taper, seier han.
Sondre fortel at han har fått meldingar frå Vetle der han skriv; Håpar du skårar, men at laget taper.
– Det er jo fint at me som familie kan sikre gull og sølv på sundag.
– Kven vinn serien?
– Eg trur Viking vinn nå skal eg vere heilt ærleg. Det ser eigentleg litt mørkt ut for vår del. På ein måte unner eg Viking og bror min det. Men sett utanifrå skulle me gjerne ha slått dei. Det får i så fall bli revansje neste sesong.
Vetle trur nok også på Viking-seier.
– Men – me er litt redde for å jinxe ting i Stavanger. Det er ein tricky siste kamp, så det blir spennande. Men det er slike situasjonar me elskar å vere i.
– Det blir spennande
Besta Gudrund har uansett vunne. Ho kunne ikkje vore meir stolt av barnebarna.
– Dei er utruleg flinke. Dei trenar heile tida og et sunt. Eg håpar av heile mitt hjarte at det skal gå bra med dei framover.
– Pratar du fotball med dei når du treff dei?
– Litt, kanskje, men ikkje så mykje. Det er ikkje sikkert dei har lyst til å rø om fotball jamt. Me rør heller om mange andre, fine ting, fortel ho.
Me spør Sondre og Vetle kven dei trur besta trur vinn serien på sundag.
– Eg trur ikkje ho klarer å velje side, det trur eg blir for mykje for ho, seier Sondre.
– He, he, det er vanskeleg å seie. Ho heiar nok mest på oss. Ho er ikkje så veldig tilknytt nokon av laga, seier Vetle.
Besta svarar slik:
– Viking er jo kjempegode nå. Men eg kjem uansett til å gratulere gutane med gull og sølv, det er kjempegodt gjort. Det er søren meg ikkje enkelt.
– Gjev du dei nokre råd før søndag?
– Eg ønsker berre lukke til. Eg skriv det i meldingar til dei. Og så får eg tilbake «tusen takk, verdas beste besta.» Det æ så koseleg og rørande! Godgutane mine. Huttetu, det blir spennande på sundag!
Sundag kveld vann Viking 5–1 over Vålerenga, og gullet gjekk då til Vetle og Viking i Stavanger. Bodø Glimt vann 5–0 over Fredrikstad, og Sondre og laget hans i Bodø fekk sølv i årets eliteserie.