Samde om mykje, men vende mot kvarandre: Tokkepolitikarane sat i hesteskoformasjon for fyrste gong på halvtanna år tysdag.

Grønt lys til datasenter-studie

Vedtaket var samrøystes, men tokkepolitikarane var slett ikkje berre positive til datasenter.

Tokke-ordførar Jarand Felland trekte lange historiske linjer i sitt innlegg om datasenter, ei sak han sjølv hadde teke initiativ til.

– Kanskje må me reisa tilbake i tid, til då du ikkje kunne overføre straum over så store avstandar. Då fekk du Rjukan, du fekk Sauda, for det var der straumen blei lagd. Kanskje må industrien koma til Vest-Telemark og etablera seg her.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Datalagringsgreiene»

Han og resten av kommunestyret blei samde om framlegget som låg føre, med eit par tillegg som varaordførar Benedikte Nes (MDG) hadde fått gjennom i formannskapet 20. oktober. Dei vil løyva 100 000 til ein forstudie for å vurdera grunnlaget for datasenterverksemd, eller anna kraftkrevjande verksemd, i Tokke. Samstundes skal studien avklara kva som er potensialet for arbeidsplassar og andre positive ringverknader, og dessutan eventuelle konsekvensar for miljøet.

Sjølv om alle røysta for å tinga denne studien, var det fleire som tok ordet og hadde reserverte kjensler for datasenter. Sverre Bakke (Sp) var ein av dei.

– Når eg høyrer om alle dei datalagringsgreiene som er rundt forbi, som i Fyresdal der dei brukar masse kraft til å driva med bitcoin, og nede i Skien der Google skal spruta ut store mengder varmtvatn i Norsjø, vonar eg at me kan få noko anna – langsiktige industriarbeidsplassar som produserer varer, og ikkje vera eit batteri for nokon som vil koma og få den billige krafta vår til å lagra data.

– Eg er veldig skeptisk, eigentleg. Ein må spørja om dette er rett bruk av så mykje kraft. Treng me datasenter i kvar Vest-Telemark-kommune? Eller er dette ei sak me kanskje heller skulle ha samla oss om? sa Hilde Alice Vågslid.

– Vanvettig

Benedikte Nes (MDG) peika på den eksisterande industrien i Grenland.

– På Herøya har me nokre av landets største punktutslepp, som det er planar om å elektrifisera.

Ho nemnde ammoniakkselskapet Hegra, som er eigd av Yara, og som skal laga ammoniakk med fornybar kraft. Dette prosjektet åleine vil krevja 4,4 terrawattimar, sa Nes, like mykje som heile Tokke/Vinje-produksjonen.

I saksframstillinga hadde rådmannen med nokre tal frå Fyresdal og Vinje, båe kommunar med datasenter-ambisjonar. Vinje kommune skal ha planar om eit uttak på 50 megawatt frå Vinje kraftverk, og Fyresdal vil søkja om det dobbelte frå Brokke kraftverk – 100 megawatt, som blir 800 gigawattimar over eit år. Storleiken på desse tala er sett i samanheng i diagrammet nedst i saka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein skal snakka pent om nabokommunane sine, men dette her synest eg er heilt vanvettig, sa Nes.

– Kryptovaluta er kome for å bli

Mengdene det er tale om her, er mykje større enn krafta som Fyresdal har krav på, konsesjonskrafta. Dei overgår jamvel totalproduksjonen til Fyresdal med meir enn 100 prosent. Korleis kan Fyresdal ta ut det dobbelte av eigen produksjon til datasenter?

Fyresdal-ordførar Erik Skjervagen stadfester at dei kjem til å søkja om å henta ut 100 megawatt, men Brokke kraftverk ligg i Valle i Setesdal. Krafta tilhøyrer såleis ikkje Fyresdal, og kommunen må ifylgje Skjervagen ut med «eit tresifra millionbeløp» for å få tilgang til henne, om dei får løyve av NVE.

– Men me kjem ikkje til å betala for det sjølv. Me har tenkt å få kundar til å betala for straumen.

Skjervagen forklarar at dei no ventar på ei utgreiing frå kraftselskapa Lede, Statkraft og Agder energi.

– Dei skal finna ut om det er forsvarleg at me tek ut så mykje, og om det er nok kraft tilgjengeleg.

Så vil Fyresdal søkja hjå NVE, som forvaltar dei fornybare energiressursane i Noreg og avgjer slike saker. Det kan ta eit til halvtanna år for NVE å vurdera søknaden, ifylgje Skjervagen.

Om kritikken frå Benedikte Nes seier Skjervagen:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kryptovaluta er kome for å bli. Dette kjem ikkje til å forsvinna sjølv om me ikkje gjer det i Fyresdal. Då tenkjer me som så: Okei, me skal gjera dette best i verda. Me skal gå føre og gjera det på den mest miljøvenlege måten.

Dei som driv med datasenter, ynskjer grøn energi i staden for kinesisk kolkraft, legg han til.

– Me snakkar med mange aktørar. Det som gjer at dei vil til Noreg, det er to ting: grøn vasskraft og, inntil nyleg, straumprisen, seier ordføraren.