Fullvaksinerte og beskytta får grønt i det nye koronasertifikatet, medan uvaksinerte får raudt. amen folk med grønt koronapass må framleis i innreisekarantene etter reiser til utlandet. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Grønt koronapass gir ikkje fritak frå innreisekarantene

Folk med grønt koronasertifikat må framleis i karantene etter innreise til Noreg frå utlandet, opplyser Helsedepartementet.

– Ja, dei må i karantene, men kan teste seg ut av innreisekarantene ved negativ PCR-test tidlegast etter tre døgn, seier statssekretær Erlend Svardal Bøe (H) til NTB.

PCR-test er den vanlege koronatesten der prøver frå nase og svelg bli analysert.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forventar fritak

I det nye koronasertifikatet, som etter planen skal gjelde frå fredag, får fullvaksinerte og beskytta, det vil seie folk som har hatt korona eller fått første vaksinedose for tre veker eller meir sidan, grønt, medan uvaksinerte får raudt.

Førsteamanuensis Anne Kjersti Befring ved Universitetet i Oslo, som er ein av Noregs fremste ekspertar på smittevernlova, sa til NTB tysdag at ho forventar at karantenekravet forsvinn for dei med grønt pass.

– Nødvendigheitsvilkåret i smittevernlova betyr at ein ikkje kan ha smittevernreguleringar som er unødvendige og ikkje kan grunngivast, meiner ho og viser til at det no er godt dokumenterte at koronavaksinen vernar mot smittespreiing.

Ny vurdering

Regjeringa meiner likevel å ha sitt på det tørre når det gjeld proporsjonaliteten i karantenekravet.

– Helsedirektoratet og FHI vurderer at vilkåra i smittevernlova for å ha innreisekarantene for beskytta framleis er oppfylt, slår Bøe fast.

For fullvaksinerte kan likevel situasjonen endre seg.

– Regjeringa har bede Helsedirektoratet og FHI gjere ei ny vurdering av når fullvaksinerte kan få unntak frå innreisekarantene fullt ut, seier statssekretæren.

Onsdag held helseminister Bent Høie (H), helsedirektør Bjørn Guldvog og FHI-direktør Camilla Stoltenberg ein ny pressekonferanse om koronasituasjonen. Den skal likevel først og fremst handle om Janssen-vaksinen.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)

Les også
Fakta om grønt og raudt lys i koronasertifikatet