God trening: Nå har du moglegheit til å teste ut Feelgood på Rauland heilt gratis. Aud Irene Kittelsen garanterer at alle musklar blir brukt om du går gjennom treningsprogrammet som består av tre minutt på kvar av dei ti treningsmaskinene.

Gratis styrking av immunforsvaret

Helsedirektoratet vil ha i gang ein dugnad for å styrke immunforsvaret i veke 43. Difor opnar Aud Irene Kittelsen dørene på Feelgood i Rauland for alle som vil trene styrke utan å betale.

Styrkeveka 2020 er ein brei dugnad for å få merksemd rundt verdien av styrketrening. Helsedirektoratet vil inspirere til enkel regelmessig trening. Alle aktørar som tilbyr tenester, produkt eller anna relevant er invitert til å delta. Styrkeveka blir gjennomført til veka.

– Det er viktig å vera aktiv fordi det styrkar immunforsvaret. Spesielt nå som me går inn i influensasesongen og har koronaen gåande, seier innehavar av treningssenteret Feelgood, Aud Irene Kittilsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil nå dei som trenar minst

Merksemda rundt styrketrening skal handle om helse og funksjon, og vise korleis folk kan utføre styrketrening på ein enkel måte på ulike arenaer og synleggjera tilbod rundt om i landet. Helsedirektoratet har eit mål om å nå dei som treng det mest, og som kanskje ikkje har så gode erfaringar med trening.

– Trening generelt er med på å sikre eit normalt immunforsvar. Styrketrening handlar om helse og funksjon. Dess viktigare er dette når folk blir eldre, seier Kittilsen.

Ho ser det har vore færre brukarar på treningssenteret nå enn i februar før landet gjekk i dvale.

– Nå får me vera med på dugnad saman med Helsedirektoratet. Den tida me har betjent senter denne veka kan alle som vil kome og trene gratis, avsluttar Kittilsen.

Les også
Tilbyr lystig trening på Rauland