
Glad i husmannsplassar – men glad for ikkje å vere husmann
– Kvar gong eg ser på dette biletet må eg seie at eg er glad eg ikkje er husmann, seier Johannes Skarprud. – Sjå på den stoga, der budde det altså folk, det er eitt rom.
Eit minutt med video: Her er eit lite utdrag av det dei frammøtte fekk sjå og høyre på boklanseringa i Brunkeberg kyrkje, som også inkluderte ein minikonsert med Symre.
Biletet på storskjermen er henta frå boka om husmannsplassane i Lundevallsgrend, Brunkeberg, Åsgrend og Sandlandsgrend. Dette er den femte boka i serien om husmannsplassane i Kviteseid kommune, og den tjukkaste til no, med til saman 139 husmannsplassar samla innafor permane.

– Det kjenner de vel når de lyftar på den, at her er mykje visdom og kunnskap innebygd i den boka, seier Skarprud.
At boka om husmannsplassane i Brunkeberg-området blei større enn dei andre handlar både om at det er flest plassar her, og at dei har ei lang historie.
– Det er mange gamle plassar med mykje flytting ut og inn og att og fram og opp og ned. Det er heilt utruleg med dei husmennene, kor mykje dei flytta, fortel Skarprud.
– Eg har blitt fortalt om ein husmann som hadde ti ungar og alle ungane var fødd på forskjellige stadar. Så då har dei hatt det travelt med å flytte. Både flytte og lage ungar, det krev litt av kvart, det, skjemtar han, og haustar latter frå dei mange fullsette kyrkjebenkane i Brunkeberg kyrkje.

Får bare takk
Ei tjukk bok betyr også mykje arbeid med å skrive, og dette arbeidet gjer folk gratis.
– Det er det som er så moro, seier Skarprud.
– At folk jobbar som heltar og bare får takk.
Dei som har laga historia om husmannsplassane i Brunkeberg-området er Jørgen Moen, Jan Toralf Omtveit, Bjørgulf Ruud og Håkon Heggtveit, med god hjelp frå Erling Brauti, Sigrun Garvik Moen, Kirsti Skarprud, og frå ei rekkje lokalkjende folk.

Ei redaksjonsnemnd samordnar og redigerer stoffet i heile bokserien, og her sit Leif Roholdt, Jørgen Moen, Johannes Skarprud, Erling Brauti, Håkon Heggtveit og Jan Toralf Omtveit.
Boka har dei ordna etter gardsnummer, og den inneheld også to gode verktøy for å finne fram til plassane: Ei nummerert liste der alle husmannsplassane står oppført med gps-koordinatar, slik at ein kan finne att alle sjølv om nokre er heilt borte i dag. Og i tillegg er det kart der nummeret husmannsplassen har på lista er plassert.
– Nokre bitte få stadar har det vore litt kvalifisert gjetting, til dømes viss det har fare nokre bulldosarar og gravemaskiner over området og det er vanskeleg å finne att den nøyaktige staden, innrømmer Johannes.

Ein annan viktig del av arbeidet er å få tak i bilete, og det er ikkje alltid like lett.
– Dei gamle bileta er spesielt moro å ha med, men det har også blitt tatt ein del nye bilete frå plassane slik dei ser ut i dag.




Den rette generasjonen for jobben
Nokre kan kanskje tenke at det heller burde vore foreldregenerasjonen som samla all denne informasjonen om husmannsplassane, sidan dei hugsar meir av historia. Det er ikkje Skarprud samd i.
– Vår generasjon er den beste, for me hugsar framleis litt, men me har lært oss litt andre ting enn det foreldra våre kunne.
Kunnskap frå eigne hovud og frå lokalkjende har dei kombinert med sentrale bøker, slik som ættesoga av Torjus Loupedalen, men også ei rekke digitale kjelder. På heimesida til historielaget finn ein til dømes ein digital versjon av ættesoga som omfattar meir enn dobbelt så mange namn som originalen på papir. Kjelder på engelsk har dei også brukt, som «find a grave».
Skarprud har også den fordelen at han kan spele på fleire strenger når han skal formidle boka. Han dreg fram gitaren og leiar publikum gjennom to songar. «På ein nedlagd plass» har vore med på alle boklanseringane, og har blitt ein slags kjenningsmelodi for temaet. Men det er kanskje endå litt fleire som nynnar med når han tek Brunkebergsongen.
«Brunkeberg, vene stad, her sprang eg som liten unge. Her gret eg for sorger tunge, men var au så kry og glad...».
Men historielaget har henta inn yngre krefter til lanseringsfesten. Publikum får ein minikonsert med Symre med både hardingfele, salmar, drikkeviser og visepop. Ho får med ein heil del på allsong når ho dreg i gang «Det er meg det samme hvor jeg havner når jeg dør.»


For dei husmannsplassinteresserte, kan det elles vere verd å ta turen til Kviteseid bygdetun til sommaren. Skarprud har nemleg gode kontaktar i styret for Kviteseid bygdetun, og har fått dei med på å ha ei utstilling om husmannsplassar. Det heile toppar seg når utstillingssesongen avrundast med Kviteseiddagen i slutten av august, der sjette og siste husmannsplassbok vil bli lansert.
