Gjev bort kommunale kopimaskinar. – Det er nok til alle
I fjor gjekk leigeavtala til alle kommunale skrivarar ut. Nå blir dei gjevne bort til lag og foreiningar.
Det er dei fem kommunane Tokke, Vinje, Kviteseid, Fyresdal og Seljord som gjev bort maskinane. Nå ber dagleg leiar i Vest-Telemark driftssenter, Grunde Seltveit, om at lag og foreninger som treng ein skrivar tek kontakt.
Vinn-vinn-vinn
I fem-seks år har maskinane gjort jobben sin i lokale barnehagar, skular, tekniske bygg, kommunehus og teknologiparkane, men no er det slutt. I fjor var det Canon som vann tilbodsrunden med kommunane i Vest-Telemark, og dei gamle Xerox-kopimaskinane skal dermed bli skifta ut. Men dei såkalla multifunksjonsskrivarane har som oftast mykje lengre levetid enn åra dei har vore i bruk til no.
Før jul blei derfor Seltveit og den tidlegare leverandøren einige om at i staden for å kassere alle maskinane, kunne dei gjevast bort – mot at kommunane sjølve tek ansvar for å resirkulere maskinar som dei ikkje blir kvitt.
– Me har avklart resirkulering med RenoVest, men all retur av maskinar er ein kostnad for kommunen. Denne løysninga er difor både vinn for kommunen som sparar pengar, og vinn for lag og foreiningar som kan få ein maskin dei elles ikkje hadde tatt seg råd til. Og så er det sjølvsagt ein miljøgevinst.
Ulike typar
Maskinane det er snakk om er både A3-maskinar med stifte- og brettefunksjon og A4-maskinar med tosidig utskrift, svart-kvitt og fargar.
– Det er jo greitt å nemne at dei gjevast bort med ut-døra-garanti. Me kan ikkje hjelpe med support eller vedlikehald.
– Kor mange maskinar er det tale om?
– Det er snakk om … Det er mange, over 100. La meg seie det slik, det er nok til alle.
Lett å få ja
Fleire har alt vore i kontakt med Tokke kommune om å overta ein skrivar, og Seltveit håpar å bli kvitt mange alt før ferien. I hovudsak er det lag og foreiningar i kommunane Vinje, Tokke, Seljord, Kviteseid og Fyresdal som kan få overta ein maskin, men lista for å få ein er ikkje så høg.
– Du treng ikkje vere registrert i Brønnøysund. Det kan vere grendelag, veglag eller interesselag, så lenge det er basert på frivilligheit. Ta kontakt med oss, så vurderer me tvilstilfelle, oppfordrar Grunde.