Soneinndeling.

Fylket blir delt i to soner

Fylkesmannen og kommunane i Vestfold og Telemark er samde om å innføra regionale koronatiltak i kommunar med høg smitte, i tillegg til nasjonale råd og tiltak.

– Det er viktig at ta omsyn til barn og unge og at desse skal skjermast i størst mogleg grad, seier fylkesmann Per Arne Olsen.

Kommunar med låg smitta skal følgja dei nasjonale råda. Alle dei seks kommunane i Vest-Telemark er i sone 2. Der dei nasjonale råda blir fylgd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Under eit møte i føremiddag mellom Fylkesmannen, kommunane, Fylkeskommunen med fleire, vart det semje om at fylket vert delt i to soner. Føremål med møtet var å skape ei felles haldning til korleis me skal forholda oss til det auka smittetrykket og oppfordringa frå regjeringa om å vurdera særskilde tiltak i område med høg smitte. Noverande smittetal i den einskilde kommune var avgjerande. Ved auke eller endra smitte kan soner endrast.

– Eg er nøgd med at vi har klart å få semje mellom kommunane om sams tiltak, seier fylkesmann Per Arne Olsen.

– Det er viktig for meg å understreka at det er den einskilde kommune som har heimel eller smittevernlova å treffa tiltak innanfor eigen kommune. Tiltaka må vera målretta men må og opplevast som forståelege og forholdsmessige. Einskilde kommunar vil ha enkelte lokale råd og tiltak i tillegg til de me er sams om. Fylkesmannens samordning var å få sams kommunale tiltak og råd – det har me stort sett klart, avsluttar Olsen.