Ane Viktoria Strøm Lunde har nyleg flytta til Seljord og er fyrstereis på litteraturdagane saman med foreldra Anne Runa Linde og Olav Strøm.

Fullt hus på litteraturtorsdagen

– Eg jobbar med å bli flinkare til å lese, for eg har ei mor som er veldig glad i språk og litteratur, smiler Ane Viktoria Strøm Lunde, som er på veg inn på sin aller fyrste litteraturdag.

Publisert Sist oppdatert

Ane bur i Seljord og har teke med seg mor og far til Vinjesenteret denne torsdagskvelden. Ho har lest fleire bøker i det siste, men blir usikker når me spør etter ei ho liker ekstra godt. Mor Anne Runa Linde har følgd med på lesinga til dottera, og kjem med eit forslag frå sidelina:

– Du liker jo Agnes Ravatn.

– Ja «Fugletribunalet», den var veldig bra, nikkar Ane, letta over å få hjelp forbi jernteppet.

Mor hennar er opphaveleg frå Gvarv, men har budd lenge på Nes på Hedmark.

– Det einaste eg har att frå dialekta her er «ikkje», smiler Anne Runa, som elles kan avsløre at ho har eit band til det lokale forfattarmiljøet. 

– Eg var så heldig å bli kjend med Hilde Vesaas på eit skrivekurs.

Etterlyser innbunden diktsamling

Kristin Kvaalen frå Edland les masse, og er klar for litteraturtorsdagen saman med Johs Apold.

Kristin Kvaalen les masse, er glad i litteratur og veldig glad i Tarjei Vesaas. Ho har teke turen til den fyrste litteraturdagen saman med Johs Apold.

– Eg er glad i litteratur, glad i lyrikk og veldig glad i Tarjei Vesaas, seier Kristin, som også kjem med eit lite hjartesukk:

– Det er skammeleg at Tarjei Vesaas sine dikt i samling ikkje har blitt gjeve ut skikkeleg innbunde. 

– Nå var du skikkeleg politisk korrekt, ler Johs.

– Har du nokon favoritt blant Vesaas sine romanar?

– «Fuglane», kanskje, svarar Kristin.

– Og så hugsar eg godt at me las «Det store spelet» då eg gjekk i sjuande klasse på Edland skule.

Litteraturdagsveteranen

Litteraturdagane-veteran Mari Rorgemoen frå Øyfjell har fått med seg alle litteraturdagane oppgjennom, og har også vore med som frivillig. Her saman med Guro Huitfeldt Carlsen og Elvy Elisabeth Vefall.

Det nærmar seg opning av Litteraturdagane, og salen i Vinjesenteret fyllest raskt opp. Ved eit bord midt i mengda sit øyfjellingen Mari Rorgemoen. Ho har fått med seg alle litteraturdagane oppgjennom tidene, og har også arbeidd her som frivillig.

– Det er eit flott tiltak, smiler veteranen.

Når det gjeld skjønnlitteratur, meiner Mari ho ikkje er den mest flittige lesaren.

– Men eg har lese Mímir si bok om mor si. Det var sterk lesing, og det er derfor eg er her i dag.

Dei fleste arrangementa under litteraturdagane er utselde, og Mari var tidleg ute for å sikre seg billett.

– Ja, for eg tenkte nok at desse blei fort borttinga.

Attmed Mari sit to yngre øyfjellingar, Guro Huitfeldt Carlsen og Elvy Elisabeth Vefall.

– I fjor prøvde eg og ei venninne å få billettar, og då var me for seine, fortel Guro, som gler seg til å høyre på Mímir.

– Det er moro at dei yngre kjem, seier Mari. 

– Eg trur Mímir har brei apell for yngre, og i morgon blir det musikk og mykje som siktar seg inn mot yngre. Det er bra! 

Å bli bonde vart ei litterær vekking

Kyrre Heldal Kartveit var på litteraturdagane for fyrste gong.

Det er berre eit par minuttar til ljoset vert dempa når Kyrre Heldal Kartveit kjem inn i salen og begynner å speide etter ein ledig sitteplass. Han er havforskar, eventyrar og geolog, har doktorgrad i geofysikk og er utdanna lektor – og bur på ein gard i Smørklepp. 

– Eg les det meste, fortel han på klingande bergensdialekt.

Særleg mykje bøker har det blitt etter at han og kona tok over garden.

– Det blir mange lydbøker i traktoren og fjøset. Det har nærast vore som ei litterær vekking for meg. Men dette er fyrste gong eg er på Litteraturdagane – eg gler meg veldig!

– Er det nokon av lydbøkene som har gjort ekstra inntrykk på deg?

Alle arrangementa på Litteraturdagane er så godt som utselde. – Det er heilt vilt, seier digitalformidlar ved Vinjesenteret Mari Tveiti medan smilet går nesten heile vegen rundt.

–Eg har lest Knut Hamsun i det siste, men sterkast inntrykk på meg er det Jon Fosse som har gjort. Trilogien hans, til dømes. Ein blir så sogen inn i materien.

Kyrre går for å finne seg ein stol, og attmed veggen speidar Mari Tveiti ut over publikum. Ho er digitalformidlar ved Vinjesenteret, og lurer på om ho må finne nokre klappstolar ekstra.

– Me er så godt som utselde. Det er heilt vilt, smiler ho.

Stusslege studentar

Så dempast ljoset og det er klart for opningstale. Den står ordførar Jon Rikard Kleven for, og han startar med å fortelje at han faktisk sat og las ei bok då dei ringde for å spørje om han ville opne Litteraturdagane.

Ordførar Jon Rikard Kleven opna litteraturdagane med eit skråblikk på kva som går tapt når ein forenklar og forkortar litteratur.

– Face-boka. Eg veit ikkje om de har høyrd om den? spurde Kleven, og la til at dette er eit høglitterært verk der mange forfattarar har gått saman for å frambringe noko av det ypparste menneskeheita kan få til.

Innlegget han las på Facebook den dagen handla om ein litteraturprofessor som hadde redigert Dostoevskys klassikar «Forbrytelse og straff» slik at den vart berre halvparten så lang. Når studentane klaga på dette, forstod professoren ingenting. Dei hadde då klaga i årevis over at den romanen var så svær. At dei skulle klage på å få ein forkorta versjon syntest professoren var rett og slett stussleg.

Tusen bøker på ei veke

Og kva med TikTok-trenden der folk har lese tusen bøker på ei veke – ved å lese samandrag laga av KI. For å illustrere poenget tek Kleven like godt fram eit eigenkomponert samandrag av Tarjei Vesaas-romanen «Det store spelet».

–Per Bufast vil ikkje ta over slektsgarden, men så vil han det likevel. Takk, seier Kleven og publikum ler godt. Men bak skjemten ligg eit alvor som handlar om ein stadig dårlegare lesekondis i dei oppveksande generasjonane. Om studentar som gjennom heile oppveksten har drilla hjernen i å halde fokus i 10 til 30 sekund, og som derfor strevar med å lese litteratur. Det må ikkje føre til at ein forenklar litteraturen, åtvarar Kleven. I staden meiner han løysinga er å ha ein ekte kjærleik for litteratur.

Mímir Kristjánsson var fyrste forfattar på scenen under årets litteraturdagar.

–Har ein ekte kjærleik for litteratur så vil ein ikkje lese ei professor-redigert forkorting av «Forbrytelse og straff».  Ei bok er forfattarens handverk og kreativitet og kven har rett til å fjerne tekst frå den? Ein kan ta alle Prærie-bøkene til Edvard Hoem, og så kan me ta femti sider frå kvar og redigere det saman til éi bok. Og då sparar me masse tid på å lese det verket. Eller kva med å lime saman Karl Ove Knausgård sine bøker til ei bok.  Yngve Knausgård hadde sikkert tatt på seg å klippe bort litt frå dei bøkene, seier Kleven.

– Nei, eg vil lese alt. Kvar i ei bok den einskilde lesaren får si aha-oppleving kan ikkje veljast av andre. Og eg kunne ikkje begynne å gråte på dødsleiet til slåttekaren i «Bror din på prærien» om den boka og boka før var gjort så korte at eg ikkje hadde blitt kjend med personane.

Når Kleven er ferdig med tala si, tek kveldens hovudattraksjon over på scenen. Mímir Kristjánsson skal snakke om boka si «Pabbi», og inspirert av Kleven si innleiing startar Eirik Bø like godt boksamtala med ein kortversjon av denne boka:

– Far drakk – også. Skål!

Powered by Labrador CMS