Kultur- og likestillingsminister, Anette Trettebergstuen lovar full momskompensasjon for alle idrettslag, det frivillige og kulturlivet for 2021. Her saman med idrettspresident Berit Kjøll. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK

Full momskompensasjon for idretten og det frivillige også for 2021

Alle idrettslag, foreiningar og frivillige organisasjonar skal få tilbake alle pengar brukte på moms også for inneverande år, opplyser Kulturdepartementet.

Den ferske regjeringa lova å sørgje for full momskompensasjon i statsbudsjettet for 2022. No vil dette skje allereie i år ved at momsordninga blir tilført 35 millionar kroner ekstra, ifølgje kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap).

– Dette er eit stort løft som kjem frivillig innsats, idrett og kultur til gode. Ordninga er enkel og ubyråkratisk. Den når breitt ut, til både kultur, idrett og det frivillige. No blir det meir midlar og aktivitet over heile Noreg, seier Trettebergstuen til NTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 2020 fekk meir enn 22.000 organisasjonar midlar frå ordninga, fleirtalet av desse er små lag og foreiningar. Midlane for 2021 vil bli utbetalte før jul.

Full momskompensasjon har vore ei fanesak for idretten i mange år. Ifølgje idrettspresident Berit Kjøll har idrettslag over heile landet eit etterslep på opprusting av anlegg og banar på 4,7 milliardar kroner.

(©NPK)