Fjell-Telemark: Thomas Berstad i prosjekt Fjell-Telemark oppmoda kommunane til å støtte opp om den lokale turistnæringa ved å nytte destinasjonar i regionen til kommunale arrangement.

Fryktar tida etter fellesferien

Ein kjempesommar for turismen i Vest-Telemark har ført til at bedriftene i næringa stort sett har tent inn tapa frå perioden då landet var nedstengd i vår, men Thomas Berstad i Prosjekt Fjell-Telemark åtvarar om ein forventa omsetningssvikt på 22 prosent sidan fellesferien.

Under møtet til Vest-Telemarkrådet tysdag denne veka, orienterte Berstad, rådgjevar i Telemark Næringshage, om tilstanden i turistnæringa i regionen. Han kunne opplyse om at det har vore ein innbringande sommar for næringa.

– Auken skuldast i stor grad nordmenn som har feriert i eige land og har lagt att mykje pengar. Totalt har me sett ein auke på 12 prosent i 2020, sett opp mot 2019, fortalde Berstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Auken i sommar har ført til at dei aller fleste bedriftene, med unntak av alpintannlegga, har dekt inn tapa frå den dårlege perioden mellom mars og juni. Men no som fellesferien er over, går bedriftene tøffare tider i møte.

– Me estimerer ein stor nedgang i omsetning, om lag 22 prosent for heile 2020 samanlikna med 2019. Fjell-Telemark vil framover arbeide med fleire marknadsføringstiltak for å motverke dette, og bedriftene som er med i prosjektet ynskjer å etablere eit bedriftsnettverk, der kommunane blir med på laget, for å samkøyre strategi og byggje destinasjon, sa Berstad.

Han oppmoda også kommunane i Vest-Telemark til å bruke overnattingsstader og andre destinasjonar til konferansar og kurs, for å vera med å støtte opp under næringa.