annonse

Fryktar ei dødsulukke i nær framtid

Bekymra lensmann:
Bekymra lensmann: Trond Neri Flothyl er redd ei dødsulukke knytt til køyring i rusa tilstand vil finne stad i Vest-Telemark i nær framtid. (Foto: Randi Berdal Hagen)

Vinje-lensmann Trond Neri Flothyl er bekymra over at fleire unge svarar at dei har sete på med nokon som har køyrd i rusa tilstand.

Line Omland Eilevstjønn

Flothyl var på plass på Vinjehuset tysdag kveld for å informere dei frammøtte foreldra om tendensar blant dei unge og oppgåvene dei må samarbeide med foreldra om heilt frå borna er små.

– Me har hatt ein runde på skulane for å snakke med dei om nettvett og haldningar, innleiar lensmann Trond Neri Flothyl framfor foreldra.

– Hovudfokuset vårt har vore at sjølv om du er på nett, så er det likevel ei verkeleg verd. Me opplever at det er lettare å slenge kommentarar og trugsmål framfor ein skjerm enn det er å gjera det andlet til andlet. Dei fleste har noko lågare terskel på nett. Kropps- og utsjånadpress er til dømes stort på nett, seier Flothyl.

Han fortel at politiet har prøvd å forklare at det som blir lagt ut på nett, blir der.

– Me har ønskt at dei skal reflektere litt rundt kven dei vil framstå som på nett.

Nettmobbing er eit vanleg problem blant unge, særleg i forskjellige appar der ein kan vera heilt anonym. Då er det lett å vera stygg med andre. Til dømes i appen Sarahah, seier Flothyl.

Han ber foreldre vera bevisste på at dei sosiale mediuma og spela der ein kan vera anonym, ofte blir misbrukt.

I tillegg nemnast det som heiter Snapchat ++, ei uoriginal Snapchat-programvare, der ein kan sende snap anonymt og ta skjermbilde av mottekne snappar utan at avsendar får sjå det, i motsetnad til korleis det fungerer på vanleg Snapchat. Her er hemnporno eit aktuelt tema, og Flothyl fortel at det har vore fleire eksempel på at private bilde har blitt spreidde i Vinje.

– Dette er det viktig å seie frå om til ungdomane på ein direkte måte. At det å sende naken- eller lettkledd-bilde ikkje er særleg lurt. Dei toler det godt at me er direkte med dei, skyt Signe Bråstøyl inn.

Urovekkande høge tal

Som venta er lensmannen uroa over dei høge tala når det kjem til rus og trafikk. Debutalderen på både køyring av motoriserte køyretøy og drikking av alkohol er låg, og Flothyl vil jobbe hardt med førebyggande arbeid og ei haldningsendring hjå dei unge – og foreldra.

Årets tal viser at det er færre som har køyrt i rusa tilstand sjølve – der har prosenten gått ned frå 5 til 2 – men det er fleire som har sete på med nokon – prosenten har gått opp frå 9 til 14. Akkurat dette med rus er heilt klart på veg i feil retning, seier Flothyl.

– Me fryktar ei dødsulukke i nær framtid, seier han alvorleg.

Når det har vore dødsulukker i regionen tidlegare, har politiet sett at det typisk

oppstår gode krefter som seier at nok er nok. Gjengar samlar seg og står opp mot uforsiktigheit i trafikken, i skogen og på vatnet. Det blir gjort førebyggande arbeid.

– Ein jentegjeng som tar eit standpunkt om at fyllekøyring ikkje er korkje greitt eller tøft, er ei veldig sterk kraft. Jenter har mykje påverknadskraft over gutar. Dei kan vera ei god redning, seier Flothyl.

Redde foreldre

For å synleggjere at problemet med ruspåverka køyring er større enn mange foreldre kanskje ønskjer å ta innover seg, les Flothyl eit utdrag frå eit brev politiet har fått tilsendt frå ei mor i sorg. Ho har mista ein son i ei ulukke, får me opplyst.

– Ho fortel at ho har fått tilsendt og fortalt ei drøss historier frå folk i Vest-Telemark som har mista eller vore nære ved å miste ungdomar i bil-, skuter- og båtulukker. Det er eit stort problem, og me må vakne, skriv ho, seier Flothyl.

Han snakkar mykje om viktigheita av at dei unge må vera klar over at politiet i Vinje ikkje er eit leikepoliti, noko dei tenker at mange har hatt eit inntrykk av. Mellom anna fordi avstandane er store, og det ikkje er eit stort problem å gøyme seg frå eller stikke av før politiet er på staden. Dette er eit stort argument for at gode haldningar må lærast heime.

– Dette er borna dykkar. Me i politiet kan ut og ta førarkort, men det er dykk som kan hjelpe oss med å skape haldningsendringar. Me blir aldri ferdig med det arbeidet.

– Det de konkret kan gjera, er å vera tydelege på at borna dykkar alltid kan ringe og be om henting. Og så kan de vera ein edru forelder til ei kvar tid, seier Bråstøyl.

– Ungdomane har blitt veldig ordentlege dei siste femten åra, men det betyr ikkje at me kan kvile på laurbæra, seier Silje Hagen.

Flothyl vil presisere at det er mange periodar i historia som har vore mykje verre enn no, og det skjedde ting då foreldregenerasjonen var unge som absolutt ikkje har skjedd no.

– Det er bra ungdom, dette, men me ser som sagt små auke i negative retningar i år. Difor er det viktig å ta tak i ting med ein gong.

Ein kultur der dei vil gjera det som er rett

Ein forelder i salen på Vinjehuset stiller spørsmål ved snøskuter-køyring blant ungdomane, som han meiner er eit felt mange foreldre er for slappe på.

– Det er vel eit godt eksempel på eit område der reglar berre er reglar når dei passar. Me må lære ungdomen til å ville gjera det som er rett, ikkje berre til å unngå å bli tekne for det dei gjer gale, seier Flothyl.

Han, Bråstøyl og Hagen er einige om at det meste stammar frå grunnhaldningar heimanfrå.

– Politiet er eit verktøy som skal få samfunnet til å fungere så godt som råd. Slik sett gjer me og foreldre akkurat same jobb, dette er eit samarbeid, seier Flothyl.

– Ein annan ting det er viktig å understreke er at me må skape ein kultur der det er greitt å seie frå om det ein ser og høyrer om andres born. Det botnar i omtanke, og det er det viktig å hugse på, seier Bråstøyl. 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.

annonse