Kommuneoverlege: Marius Opsahl

Fryktar det muterte viruset. Gjev ikkje korona-unntak for andre enn barn og eldre

– Eit utbrot i Vinje og då spesielt med eit mutert virus vil bli svært krevjande og handtere, melder Vinje kommune.

– I Vinje er barn og unge prioritert, i tillegg prioriterast aktivitetar for eldre og einsame, og dessutan folk med psykiske utfordringar. Slike prioriteringar og lettingar aukar fare for smitte, skriv kommunen.

Kommuneoverlege Marius Opsahl melder at det ikkje vil bli gjeve dispensasjonar frå nasjonale tiltak for andre grupper i Vinje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Smittesituasjonen i Noreg er no generelt stigande og fleire kommunar har utbrot. Om lag 60 prosent av desse utbrota er frå den britiske mutasjonen. Fleire kommunar i fylket har no også stigande smittetrend også med mutert variant.

– Dei mange lokale utbrota tyder på at summen av dei nasjonale tiltaka no ikkje er tilstrekkeleg, skriv kommuneoverlegen, og legg til at det frå FHI blir jobba med ei ny vurdering om nasjonale tiltak må strammast inn.

– Eit utbrot i Vinje og då spesielt med eit mutert virus vil bli svært krevjande og handtere. Erfaringar frå utbrotet i Edland synte kor mange ressursar som måtte brukast for å få kontroll. Eit utbrot med mutert virus vil vera enno meir krevjande. Det er grunn til å tru at eit slikt utbrot også vil kunne ramme barnehage og skule høgt. Viruset er meir smittsamt og smittar også i mykje større grad mellom barn. Om skular og barnehagar blir råka vil dette også påverke den generelle kommunedrifta då føresette vil enten hamne i karantene eller isolasjon.

Vaksineringa i kommunen går etter planen, men på grunn av få vaksinedosar som blir tildelt nasjonalt, er relativt få vaksinert totalt sett i kommunen. Dei aller eldste er vaksinert og ein stor del av helsepersonellet. Det et framleis ein stor del i aldersgruppa 75-84 år som ikkje er vaksinert, melder Opsahl.