Bekymra: Edvard Mæland.

Fryktar at ekspressbussane blir borte etter koronakrisa

– For distrikta er ekspressbussane vårt pendlartog, og eg fryktar at bussane er borte når krisa er over, seier Edvard Mæland (H) i hovudutvalet for samferdsel i Vestfold og Telemark fylkeskommune

Eit samrøystes hovudutval vedtok førre veke ei uttale der dei oppmodar regjering og storting om snarast å få på plass ei krisepakke for ekspressbussane.

Som for mange andre verksemder i landet blei det også for ekspressbussane full stopp over natta då koronakrisa slo inn for fullt. Regjeringas krisepakker har hittil ikkje tatt høgde for ekspressbussane. Derfor ropar fylkespolitikarane varsku.

Artikkelen held fram under annonsen.

– For distrikta er ekspressbussane vårt pendlartog, og eg fryktar at bussane er borte når krisa er over, seier utvalsmedlem Edvard Mæland (H) frå Flatdal i ei pressemelding.

Frykta er at inntektsbortfallet som følge av koronakrisa kan føre til at dei viktige linjene til ekspressbussane kan bli borte, slik at distrikta blir ståande utan eit vesentleg pendlartilbod når samfunnet skal i gang igjen.

– Me håpar regjeringa ser at dette er samfunnskritisk og at ekspressbussane får krisehjelp, seier hovudutvalets leiar, Arve Høiberg (Ap).

Medan dei fleste kommunar har klart å halde noko kollektivtransport i gang, har det aust for Geiteryggen ikkje vore noko kollektivtilbod under koronakrisen.

– Ekspressbussen er det einaste som knyter heile fylket vårt saman. Vårt håp er at ekspressbussane også får krisetilskot, seier Høiberg.

Les også
Har permittert 90 prosent av sjåførane
Les også
Vil ha krisepakke til ekspressbussane

Heile uttala «Krisepakke til ekspressbussane»:

«Ei av næringane som har blitt hardt ramma av Korona-krisa er ekspressbussnæringa. Ekspressbussrutene blir drivne kommersielt utan offentlege tilskot. Når heile inntektsgrunnlaget er billettinntekter og passasjerane blir borte fell heile grunnlaget bort. Når strenge restriksjonar som rammar busstransporten er innført er det også rimeleg at det etablerast ei kompensasjonsordning som avhjelper denne situasjonen. Ekspressbussane er like viktige for mange slik som tog og fly er for andre, og er derfor eit svært viktig bidrag for andelen av kollektivreiser. I distrikta spesielt er det ekspressbussane som representerer kollektivtilbodet og det er som oftast det einaste alternativet. Dersom dette tilbodet blir for hardt ramma kan det bli krevjande og få det tilbake slik som det var, når forholda normaliserer seg. Derfor vil det også vere behov for å kunne stimulere til at eit visst tal ruter blir oppretthaldne i tida fram til at passasjergrunnlaget er tilstrekkeleg att. Hovudutvalet for samferdsel i Vestfold og Telemark fylkeskommune oppmodar regjering og storting til snarast å få på plass ei krisepakke for ekspressbussane.»

Les også
Denne helga er 110 års busshistorie over