Frank Sve, Frps rovdyrpolitiske talsperson, er ein av seks Frp-politikarar som torsdag leverte eit forslag om å revurdere rovdyrforliket frå 2011. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK

Frp vil ha nytt rovdyrforlik – frir til Sp

Tidlegare i haust sa partileiar Trygve Slagsvold Vedum (Sp) at han ikkje utelukka å søkje støtte hos Frp i rovdyrsaka. No tek Frp han på ordet.

Ifølgje Nationen meiner fleire Frp-politikarar at rovdyrforliket frå 2011 er modent for å takast opp til ny vurdering.

Dei ønskjer mellom anna å flytte roret i rovdyrpolitikken frå Klima- og miljødepartementet til Landbruksdepartementet, noko som også Sp hadde på blokka i regjeringsforhandlingane, men utan å få gjennomslag.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Hurdalsplattforma lovar dei to regjeringspartia å greie ut ein reduksjon av bestandsmåla for ulv og bjørn.

Frp ønskjer på si side at regjeringa må rullere og revurdere rovdyrforliket, og komme tilbake til Stortinget med dette, pluss at bestandsmåla på gaupe, jerv og kongeørn må vurderast på nytt, med mål om at bestandsmåla skal overhaldast.

Dei nye rovdyrgrepa kjem fram i eit representantforslag som seks stortingspolitikarar frå Frp stiller seg bak i Stortinget torsdag.

– No har Senterpartiet sjansen til å få fleirtal i Stortinget for ei strengare rovdyrforvaltning, seier partiets rovdyrpolitiske talsperson, Frank Sve.

(©NPK)