Etter at mildvêret kom mange stader i landet, kjem enda fleire frostskadar til syne. Det er førebels registrert skademeldingar for 300 millionar kroner. Foto: Gjensidige / NTB / NPK

Frostskadar for 200 millionar kroner på ti dagar

Dei siste ti dagane har erstatningssummar for frostskadar auka frå 100 til 300 millionar kroner, ifølgje Gjensidiges utrekningar.

Utrekningane for førebelse erstatningar gjeld alle forsikringsselskap. Mildvêret mange stader i landet, har synleggjort frostskadane, skriv Gjensidige i ei pressemelding.

– Det er allereie registrert fleire hundre skademeldingar frå hytteeigarar, og den næraste tida forventar vi eit «storinnrykk», seier kommunikasjonssjef Bjarne Rysstad i Gjensidige.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han trur mange hytteeigarar blant dei tusen som er reiste til fjells, kan vente seg problem med frosne vassrøyr.

(©NPK)