I oktober i fjor presenterte FHI-sjef Camilla Stoltenberg influensavaksinen for denne sesongen. Men til no er det uvisst om det har vore eit einaste tilfelle av influensasmitte.Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK

Framleis ingen influensa i Noreg

Influensasesongen har enno ikkje starta, mykje på grunn av koronarestriksjonane. Men det er ikkje berre godt nytt, åtvarar Folkehelseinstituttet (FHI).

Til vanleg startar influensasesongen smått i veke 40 og varer til rundt veke 20. Men influensasesongen 2020–2021 har framleis ikkje starta, ifølgje instituttet.

Så langt er det ikkje kjent om det har vore eit einaste influensatilfelle denne sesongen, skriv Nationen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– At det er lite influensa på denne tida er høgst unormalt. Vi har hatt sesongar tidlegare med generelt liten smitte, men slik det er no, der det ser ut til å vere fråvær av smitte, er eksepsjonelt, seier seksjonsleiar Karoline Bragstad for influensa og annan luftsmitte i Folkehelseinstituttet til avisa.

I snitt døyr 900 personar av influensa i Noreg i ein sesong.

Men det at det ikkje har blitt nokon influensasesong er ikkje berre positivt, åtvarar FHI.

– Vaksinen for neste vinter skal bestemmast allereie i februar, men dessverre finst det ikkje nok virus no til å gjere ei god nok vurdering av kva som kan vere den beste vaksinesamansetninga. At covid-19 vil fortrengje influensa på lang sikt, er lite truleg, og vi må vere førebudde på at neste influensasesong kan bli hard, seier Bragstad.

(©NPK)