Framleis 21 smitta i Vinje

2. januar er det framleis 21 personar som er busett i Vinje kommune som er smitta av covid-19. I tillegg er seks personar som oppheld seg på hytter i kommunen smitta.

Det opplyser Vinje-ordførar, Jon Rikard Kleven, på Facebook.

Det betyr at det ikkje er stadfesta fleire smitta hos dei som er busette i Vinje sidan nyttårseftan, men fire nye hytteturistar fekk fredag kveld positive prøver. Desse personane blir fylgt opp av heimkommunane sine, ifølge Kleven.

Artikkelen held fram under annonsen.