Frå travle Nederland til rolege Fyresdal. – Det kjennest rett
Då Cathalijne (45) fann ut kven den biologiske faren hennar var, opna det døra til eit nytt land – og eit nytt liv. No har ho og ektemannen Gaston (54) pakka saman heile tilværet i Nederland og starta på nytt som bussjåførar i Fyresdal.
I starten av juli pakka ekteparet Cathalijne (45) og Gaston Gofferjé (54) saman livet sitt i Nederland og flytta til Hauggrend i Fyresdal. No er dei godt i gang med sitt nye liv – og nye jobbar – som bussjåførar for Vy Telemark.
– Me tok ein stor sjanse ved å flytte til Noreg, men me er så fornøgde. Hadde me ikkje reist, hadde me nok angra, seier Gaston.
Fekk kontakt med faren
Korleis enda det nederlandske ekteparet opp i Noreg og Fyresdal? Årsaka er ikkje openberr.
– Har du god tid?, spør Gaston med eit smil.
Cathalijne smiler litt, før ho forklarar.
– Eg er donorbarn, seier ho.
I mange år visste ho ikkje kven faren var, og om han i det heile tatt levde. I Nederland var det lov med anonyme sæddonorar fram til 2004. Då vart lova endra, og donorbarn fekk moglegheita til å ta DNA-test. Men testen var dyr, og Cathalijne hadde ikkje råd til å ta denne. Fyrst i 2019 vart testen gratis, og ho valde då å ta testen.
Eit halvt år etterpå fekk ho svaret ho lenge hadde lura på.
– Faren min heiter Niels, og han har budd i Noreg sidan 1982, seier ho.
Cathalijne valde å ta kontakt.
Både Cathalijne og Gaston fortel om eit svært godt fyrste møte med far og svigerfar.
– Det var ei veldig varm mottaking, seier dei.
– Og det var ikkje tvil om at Cathalijne var dottera hans, seier Gaston.
– Me er veldig like, det var som å sjå seg i spegelen, smiler Cathalijne.
Kontakten var oppretta, og dei har halde kontakten sidan. Niels har vore i Nederland og besøkt dei og dei har snakka saman på Skype regelmessig. I 2023 besøkte Cathalijne Noreg og Siljan for fyrste gong, for å møte faren og dei to halvsøskena sine her.
– Det er kanskje ikkje så normalt at ein donor får eit slikt forhold, men det er eit sterkt band der, seier dei.
Godt samarbeid
Vidare fortel ekteparet at dei at lenge hadde vore inne på tanken om å flytte til eit anna land. Dei synest Nederland er for folksamt, tett og stressande.
Nederland er om lag ni gonger mindre enn Noreg i areal, men har likevel 18 millionar innbyggjarar.
– Det er som ei maurtue, seier Gaston oppgitt.
– Me hadde ikkje tenkt på Noreg, men når far av Cathalijne bur i Noreg, og me fekk så god kontakt med han, så vart det naturleg å sjå til Noreg, seier Gaston.
På ei jobbmesse i Nederland får dei kontakt med Cathrine Holter frå Nav EURES. Hovudmålet til EURES er å bidra til at det blir lettare for arbeidsgivarar å rekruttere etterspurt arbeidskraft, og lettare for jobbsøkarar å finne ny jobb i eit anna EU/EØS-land eller Sveits.
Ekteparet fekk hjelp til å opprette kontakt med Vy Telemark og Geir Jung Næss, som er teamleiar og opplæringsansvarleg for Vy buss Telemark.
Både Cathalijne og Gaston arbeidde som bussjåførar i Nederland.
Vy Telemark kunne tilby dei kvar si 100 % fast stilling som bussjåførar i Fyresdal.
– Me er veldig stolte over å ha tilsett desse to i Vy avdeling Vest-Telemark. Ei slik tilsetting, av to bussjåførar frå eit anna land, som har lært seg språket, flytta frå alt kjent og kjært, og at dette har skjedd i løpet av eit års tid, er heilt unikt, seier Geir Jung Næss.
Han legg til at Vy-avdelingane i Telemark arbeider godt inn mot rekruttering av nye bussjåførar og at dei jobbar med fleire strategiar samtidig.
– I dette tilfellet rekrutterte me dei inn via eit svært godt kontaktnett knytt opp mot Nav Telemark. Me hadde ikkje samarbeidd med Nav EURES tidlegare, men dette vart eit svært godt samarbeid, seier han.
Vidare seier han at alle Vy-avdelingane i Telemark kan skilte med svært godt arbeidsmiljø, gode rammer og ein variert arbeidskvardag. Vy Vest-Telemark er ei avdeling med eit framtidig generasjonsskifte blant sjåførane, og er ei utfordrande avdeling å rekruttere sjåførar til.
– Derfor er me svært glade for å ha fått to svært dyktige og supermotiverte bussjåførar i Fyresdal, seier han.
Frå stress til ro
Med jobb i boks, kunne Gaston og Cathalijne byrje å sjå etter bustad. På Finn såg dei eit hus i Hauggrend i Fyresdal.
Cathalijne bad far sin om hjelp til å undersøke, og ikkje lenge etter var også leigeavtala for huset i boks.
– Det gjekk veldig fort, seier Cathalijne.
– Kanskje litt for fort, ler Gaston.
Cathalijne viser bilete frå der dei budde i Nederland, og kor tett bygningane ligg, for å vise kontrasten.
– Livet i Nederland er for stressande. Og det er veldig dyrt å leige eller kjøpe ein bustad.
– Det er også ein litt aggressiv kultur, me har opplevd mykje aggressivitet i jobben som bussjåførar i Nederland. Me ville ikkje ha det slik lenger, seier dei.
Dei fortel at det var heile «pakka» som gjorde at det vart Noreg.
– Her er det færre menneske, kort veg til familien, og ikkje minst fin natur, seier Cathalijne.
– Ja, her er det roleg. Og folka her er veldig hjelpsame, seier Gaston.
– Og eg elskar huset me bur i! Det er heilt briljant utsikt der, smiler Cathalijne.
– Me ser utover Skredvatn, legg Gaston til. Naturen her er veldig fin, og me kan ut på tur rett bak huset, seier han entusiastisk.
Kontor med utsikt
Paret har tre barn, og yngste sonen har også blitt med til Fyresdal.
– Me er bussjåførane hans til vidaregåande på Dalen, ler Cathalijne.
Ekteparet har to ruter dei køyrer. Frå Fyresdal til Dalen og frå Fyresdal til Seljord.
Dei fortel at det er stor kontrast å vera bussjåfør i Vest-Telemark kontra Nederland.
– Det er veldig annleis, og me har mykje å lære, seier dei.
– Her er det bakkar og svingar, og snø på vinteren. Det er noko heilt anna enn flate Nederland. Men eg elskar slike utfordringar, seier Gaston med eit smil.
– Og ingen dag er lik, legg Cathalijne til.
Ho fortel om kor glad ho vart då ho kom køyrande rundt ein sving, og der stod det ei bjørk full av gule lauv.
– Det var så fint!
Gaston smiler og seier at dei plar å seie at dei har kontor med utsikt – og firmabil.
– Det kjennest rett
Ekteparet er svært nøgd med alt Fyresdal og Vest-Telemark har å by på, men innrømmer at språket, og særleg dialekta kan vera litt utfordrande.
Gaston fortel at han har lært norsk via Duolingo, medan Cathalijne i tillegg har tatt eit språkkurs i Nederland før dei flytta.
– Men alt var på bokmål, seier dei.
Sjølv om nynorsken og dialekta er ei utfordring, ser dei optimistisk på at dei også vil meistre dette etter kvart.
– Det vil koma. Me har berre vore her i sju veker, smiler dei.
På spørsmål om det er noko dei saknar frå Nederland, kjem det raskt frå Gaston:
– Berre krokettar og frikadeller!
Så de ser for dykk å bli her for alltid?
– Åh, ja! Det kjennest heilt rett, smiler dei.