Ny veg: Frå 6. januar til 30. april kan ein ikkje køyre Rv36 om ein skal til Bø.

Frå i dag må ein køyre om Garvikstrondi att

Rv36 blir stengt fram til 30. april for å rette opp vegen mellom Seljord og Bø.

I fjor haust var vegen stengt i samband med arbeid i tunnelen på Rv36. Vegen opna att i desember. Men frå og med i måndag 6. januar må ein køyre Garvikstrondi om ein skal til Bø. Tungtrafikk må køyre E134 om Notodden.

Fram til opninga av den nye vegstrekninga på Rv36 i 2021 skal det byggast vel tre kilometer ny veg. Det skal byggast på to strekningar. Halvannan kilometer frå før Sanden camping frå Bø mot Seljord. den andre strekninga er Buktiparsellen, etter campingplassen kor det også skal byggast halvannan kilometer med ny veg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vegen blir også stengt i fem månader i perioden 1. desember 2020–30. april 2021.

Ny Rv36

* To strekningar på riksveg 36 på Manheimstrondi i Seljord, ved Stodi og Bukti, skal utbetrast.

* Parsellane er på halvannan kilometer kvar.

* Svingane skal bli slakkare, og vegen skal bli 8,5 meter brei.

* Hovden hytteservice AS fekk kontrakten for 122 millionar kroner.

* Den 567 meter lange tunellen ved Heggeneset skal oppgraderast.

* I tida vegen på Manheimstrondi er stengt blir fylkesveg 3328 på Garvikstrondi omkøyringsveg for køyretøy som er stuttare enn 15 meter.

* Medan riksveg 36 er stengt må vogntog køyre om Notodden.

Det er Hovden Hytteservice AS som har fått oppdraget med å byggje vegen.

Les også
Skal byggje ny veg langs Seljordsvatnet for 122 millionar kroner
Les også
Seljordingane er bekymra for vegstenginga
Les også
Vil at innbyggjarane i Vefall Brekke skal få bomfritak