Årets bygdekveld har fått tittelen «frå byfis til bygdis»

«Frå byfis til bygdis»

Influensarar, kidnapping og flytting av Nathionaltheatret til Øyfjell grendehus er blant verkemidla ein tek i bruk for å auke innbyggartalet i Vinje i årets bygdekveld-førestilling.

Publisert Sist oppdatert

Øyfjell grendehus var pynta med krystall og raud fløyel fredag kveld då Øyfjell skule viste fram årets bygdekveldførestilling «Frå byfis til bygdis». I førestillinga set ein alle klutar til for at Vinje kommune skal nå målet om 200 fleire innbyggarar frå 2022 til 2028, og blant tiltaka er alt frå pensjonerte rektorar som blir influensarar til flytting av diverse store attraksjonar til Vinje. 

Velkommen til Øyfjell grendehus/Nathionaltheatret.
Ein far med 3D-printer hadde ordna theater-masker til inngangspartiet på Nathionaltheatret.
Theaterets skodespelarar var presentert som seg hør og bør.
Nokre av kveldens skodespelarar.
Ibsen-utsmykking
Servitør-pynta foreldre tok imot dei besøkande.

Dyrsku'n, til dømes, kan utvilsamt passe betre å arrangere på Haddland enn i Seljord. Og sidan både oppussinga av Nathionaltheatret og oppussinga av Øyfjell grendehus har vist seg å bli uforholdsmessig dyre, kjem ein fram til at ein like godt slår prosjekta saman og lagar Noregs nye Nathionaltheater i Øyfjell grendehus. Erna Solberg har lite å gjere om dagen, og tilbyr seg å bli ny leiar i det lokale DNI-partiet, som treng ein popularitetsboost, og eks-statsministeren tek like godt ein song også for å vise at ho er klar – «I'm still standing».

Det blir også stelt til røyndomsprogram der ulike byfisar kan konkurrere om å bli bygdis, og på Fristadsenteret blir den nynorske KI-omsette versjonen av eit nytt Super Mario-spel lansert. Det heile toppar seg når ordføraren bestemmer seg for å flytte kommunegrensa sørover slik at nordre delar av Tokke blir del av Vinje. Innbyggarane der er jo gode på dialekt, og ei ekspertundersøking viser at dei dermed truleg blir lette å integrere. Og litt kidnapping av folk frå nabokommunar er også innafor i folketalsvekstens namn.

På eit foreldremøte på Øyfjell oppvekstsenter om kva ein kan gjere for å auke folketalet får elevane vise kva dei har lært om Brureberget. Både troll og brurefølge dukkar fram og syng om trollet med eitt auge, to nasar, tre auge og fire bein, f.v. Ella Seim-Angre, Abel Huitfeldt-Berge og Såvi Bjarteson Ek Hestdalen. I bakgrunnen er Bygdeoriginalen (Eldar Rorgemoen Mohaugen).
Lavrans Mølster Byggland som troll.
Elev-brurepar spela av Axlunn Hommo og Alice Verstod Fundlid.
DNI aukar sixpence-faktoren for å bli meir populære, f.v. Franz Vetlesen (Tord Rorgemoen Mohaugen) og Vedel Hansen (Kristian Solbjør Velde).
Erna Solberg (Heine Vinjerui-Bergland) kjem og byr seg fram som kandidat til ny leiar i Vinje DNI.
I pausen vart det servert musserende forfriskingar (fruktbrus).
«Tannpirkarmat» i pausen.
Gabriela Testad Vargas var ei av songstjernene i teatertruppane til det nye Nathionaltheatret.
Ein teatertrupp var jungeldyr frå Afrika, f.v. Svale Vefall Rorgemoen, Alice Verstod Fundlid, Enya Opsalhagen Flatland og Aurora Solbjør.
Vinjelosen (Aksel C. Aarhus) er sjølvsagt sentral i tilflyttararbeidet.
Når eit nytt nynorsk-omsett Super Mario-spel skal lanserast på Fristadsenteret kjem Agnetesh (Irma Skog) og Victor Sotberg (Heine Vinjerui-Bergland) til Åmot for å test-spele det.
Luigi, omdøypt til Ludvik av KI, og spela av Folke Rorgemoen, har funne seg ein livs-sopp. Men han kan ikkje skjøne at det skal vere så vanskeleg for prinsesse Ferskenmos å halde seg innomslotts.
Marius (Simon Breiseth), Ludvik (Folke Rorgemoen) og prinsesse Ferskenmos (Enya Opsalhagen Flatland).
Ein ekspert (Knut Aslak Staaland) har analysert befolkninga i nabokommunane, og kome fram til at dei i Tokke er mest like dei i Vinje. Frå bunadprofessor Mari Rorgemoen, som ønskjer å vere anonym, har han også fått bekrefta at Vest Telemark-bunaden er den finaste.
Tante Sofie (Ingebjørg Brendjord Hylland) vil tvinge Kamomilla til å øve, men ho har blitt ungdom og vil heller dra stripa i Åmot. Dermed må ho nøye seg med å vaske øyro på ungane Odd og Aasmund Nordstoga.
Ordførar Jon Rikard Kleven (Tord Rorgemoen Mohaugen) er villig til å gå drastisk til verks for å auke innbyggartalet. Han får gode innspel frå Edvind Tveiti (Åne Lee Karimi Breiseth) om å flytte Dyrskun'n til Haddland.
For å effektivisere treninga litt har ein kombinert fotball og hallingdans.
I fotballdans må naturlegvis hatten headast ned, ikkje sparkast.

Over 150 publikummarar fann vegen opp den raude løparen til Øyfjell grendehus/Nathionaltheater denne kvelden. Dei fekk seg fleire gode latterar og rørande songaugeblinkar, og på tampen av kvelden var det mange som skulle takkast. Elevane, sjølvsagt, men også lærarane.

– Dei står på, og meir enn ein kan vente, eigentleg, sa FAU-leiar Kjersti Rorgemoen, som også la merke til at det kjem endå fleire på bygdekveld i Øyfjell enn det gjer på sjølvaste 17. mai.

– Og det må jo bety at Øyfjell er meir populært enn Noreg!

Powered by Labrador CMS