Kjempa: Eivind Gardsteig var med i ein dramatisk kamp ved Jønnbrui i Åmot, der seks tyske soldatar blei drepne.

Frå Arabygdi til polititroppane: Eivind si historie

Rauland historielag inviterer til temakveld.

Tysdag 18. oktober på Raulandsakademiet fortel Signe Gardsteig om far sin og vegen til polititroppane i Sverige.

Dei frammøtte får høyre om Eivind Gardsteig som var med i ein dramatisk kamp ved Jønnbrui i Åmot 27. april 1940, der seks tyske soldatar blei drepne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eivind Gardsteig flykta frå Arabygdi hausten 1944. Han var innkalla til arbeidsteneste som kunne medføre at han blei sendt til Austfronten for å kjempe som soldat på tysk side. Ein septemberkveld i 1944 kjem han med ein transport innover Finnskogen til Sverige.

Eivind blei teken opp i polititroppane, Feltbataljon V. Signe fortel historia til far sin og om oppgåvene til polititroppane. 15 000 norske soldatar var utdanna i Sverige.

Eivind Gardsteig kom til Narvik 10. mai 1945. Seinare var han med i Tysklandsbrigaden, og var yrkesbefal fram til 1954.

Etter innleiinga er det kaffi og kaker, og tid til røur.