Fortvila flyktningfamilie i Vinje: – Det kan då ikkje vere meininga at me skal gå med yttertøy inne for å halde varmen?
– Varmepumpa har ikkje virka dei tre åra me har budd her, hevdar Mussa Ndakurwa, og trykker på fjernkontrollen. Kona hans, Machozi, viser fram førre straumrekning. Den var på over 6000 kroner.
Mussa og familien flykta frå krigen i Kongo, og har no budd i Edland i om lag tre år. Dei har berre positivt å seie om bygda.
– Ungane har fått vener på skulen og i barnehagen, og me har så snille naboar, fortel Mussa.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ein av naboane har traktor, og han svingar stadig innom og hjelper oss med snømåkinga.
Lite ljos og varme
Familien på seks bur i eit romsleg kommunalt hus i Haukeli. Storleiken er dei fornøgde med, men dei saknar lys og varme.
– Me blir gjerne buande her, men det her må da gå an å gjere noko med? spør Mussa, og viser VTB rundt i bustaden.
Han viser trekkfulle, fuktskadde vindauge der målinga flassar og svart mugg har tatt over. Ei soveromsdør heilt utan handtak. Ei baderomsdør i oppløysing. Panelomn plassert ved døra i staden for under glas. Manglande takljos i fleire rom. Og det familien opplever som mest frustrerande av alt: ei stor varmepumpe midt i stova som dei aldri har fått eit varmt pust ut av.
Bilete 1 av 6
Rahmna viser korleis ho får opp soveromsdøra ved å stikke ein liten finger inn i holet der dørklinka skulle ha vore.Bilete 2 av 6
Mussa viser eit av dei fuktskadde vindauga. Rommet manglar takljos, så han held ei bordlampe opp for at me skal sjå.Bilete 3 av 6
Nokre glaskarmar var svært prega av fukt og mugg.Bilete 4 av 6
I fleire rom var det spor etter tidlegare taklamper.Bilete 5 av 6
Gjennom fukten kan ein skimte dei fine omgjevnadane på Haukeli.Bilete 6 av 6
Fleire dører var i dårleg stand, og ei av dei var den inn til badet. Dermed lek varme ut i den kalde gangen utanfor.– Me har sagt ifrå til kontaktpersonen vår, og folk frå integrering har vore her, seier Mussa.
– Me veit at me må kle oss, og når det er kaldt tek me på oss genserar og sokkar, og har tøflar på beina, seier Mussa.
– Men det kan då ikkje vere meininga at me skal gå med yttertøy inne for å halde varmen? spør han.
Når VTB besøker familien er det plussgrader ute, og det går an å sitje i nærleiken av vindauga. Men på dei kalde dagane sit familien tett saman nær vedomnen, seier Machozi.
Artikkelen held fram under annonsen.
Har tilsett miljøvaktmeister
– Flyktningtenesta har no tilsett ein miljøvaktmeister i halv stilling, fortel Carsten Hald, som er verksemdsleiar for personar med særskilde behov i Vinje kommune.
– Han har ulike oppgåver, og kan også følge opp dei som har vore her over tid og som treng litt hjelp til å bu, til dømes korleis ein måkar snø eller fyrar i omnen. Men viss det er større ting, så er det huseigar som må på banen, enten det er privat huseigar eller kommunal, seier Hald.
Han forklarar at dei melder vidare til teknisk når dei får vite om større manglar, men at det er stor forskjell på flyktningar når det gjeld dette med å seie ifrå.
– Nokon er misfornøgde med mykje, medan andre er nesten for takksame og seier ikkje frå sjølv om det er omtrent rote rundt dei, seier Hald.
Har rundar for å sjekke hus etter behov
VTB har spurt kva rutinar teknisk etat i Vinje kommune har når det gjeld vedlikehald av vindauge, dører, varmepumper og liknande i kommunale bustadar.
– Me har rutinar på vedlikehald og har rundar for å sjekke hus etter behov, forklarar Tor Eikland Lunde på teknisk etat.
Han meiner varmepumpa det er snakk om er i orden.
– Den er nyleg sjekka, men den har ikkje mykje effekt når det er kaldare enn -20. Då må det fyrast med ved, skriv Lunde.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ut over dette ønskjer ikkje Lunde å kommentere saka, og viser til teieplikta.