Forsvaret øver: Torsdag kveld kunne ein høyre stor flytrafikk over delar av Vest-Telemark. Kanskje var det dette, eit F-16, fotografert under øvinga Falcon Response på Luftforsvarets Base Rygge.

Forsvaret øver, og torsdag kveld kunne ein høyre auka flytrafikk over bygdene i Vest-Telemark

Torsdag kveld, frå 22-tida kunne ein stadig høyre flytrafikk mellom anna over Vrådal og Kviteseid. – Flyaktiviteten kjem av øvinga Falcon Response, melder Oberstløytnant Ivar Moen ved Forsvarets operative hovudkvarter.

– Det å øve saman med eigne avdelingar og andre greiner og allierte er viktig i øvinga som nå blir halde ved Luftforsvarets base Rygge, melder forsvaret.no på nettsida si.

– Det er nok aktivitet frå denne øvinga de høyrde i Vest-Telemark torsdag kveld, seier Oberstløytnant Moen, som er talsmann for Forsvarets operative hovudkvarter.

Førre, og denne veka, har Forsvaret hatt høg luftmilitær beredskap i samband med øvinga Falcon Response. Både kampflyskvadronar og luftvern er av avdelingane som opererer ut frå Luftforsvarets base på Rygge. Saman med kapasitetar både frå NATO, Heimevernet, Forsvarets Spesialstyrkar og Sjøforsvaret skaper øvinga ein god arena for å trene både Luftforsvaret, samvirke og alliert samarbeid, melder Forsvaret.

Artikkelen held fram under annonsen.

Grunnen til at Rygge er valt som base for denne øvinga er at det blir mørkare tidlegare her, og det gjev ein god arena for nattflyging, melder Forsvaret

– Det vil derfor bli aktivitet i lufta etter det blir mørkt, og ein time over midnatt i vekedagane, uttala major Tom Gøran Jodal ved Norsk luftoperasjonssenter (NAOC) til forsvaret.no.