Då skulane stengde i midten av mars, var det for mange i praksis starten på ein ekstra lang sommarferie. No tek ein forskar til orde for å ta igjen noko av det tapte ved å kutte i skuleferien. Illustrasjonsfoto: Erik Johansen / NTB scanpix / NPK

Forskar vil kutte i ferien og sende barna på sommarskule

Koronastenginga kan ha ført til større forskjellar på grunnskulen. No vil forskar Robin Ulriksen ta to veker av ferien og ha elevane på sommarskule.

– Det å gå rett ut i ein sommarferie no, kan for enkelte vere ei ekstra stor belastning, seier Ulriksen til NRK.

Han er forskar ved Statleg pedagogisk teneste (Statped) og er uroleg for situasjonen for dei svakaste elevane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein rundt to månader lang periode med heimeundervisning har ikkje vore like heldig for alle. Medan nokre barn får god oppfølging heime, er det mange som meir eller mindre blir overlatne til seg sjølv, peikar forskaren på. Den lange skulestenginga kan ha ført til større forskjellar mellom skuleflinke og dei fagleg svakare elevane.

Ulriksen foreslår derfor å bruke to veker av i sommarferien til å sende grunnskuleelevane på sommarskule.

– Det kan hjelpe fagleg svake elevar og elevar som i utgangspunktet har utfordringar. Det at elevane ikkje har skule no, gjer at ein del andre utfordringar blir forsterka, seier han.

(©NPK)