Framoverlente: Den nye kommunedirektøren i Kviteseid, Laila Thorsen (t.h.), har skrive mastergrad i leiing om omdømebygging i kommunane, med tittelen «Framoverlent og på». Personalsjef Karin S. Lauvstad og ordførar Bjørn Nordskog har fått ein toppleiar dei set pris på: – Ho sit på ein kunnskap me er glade for, ikkje minst i samband med slike tema som det VTB skriv om no, seier Nordskog.

«Fornøgde tilsette er dei beste ambassadørane ein kommune kan ha. Du kan ikkje byggje eit godt omdøme berre på utsida»

Låg takhøgd for å ytre seg kritisk offentleg, utfordringar knytt til leiarroller, og sterke vitnemål frå tilsette i ein vanskeleg situasjon – dette er noko av det som har kome fram i VTB sine undersøkingar om ytringsfridom i kommunane. Me har kontakta politisk og administrativ leiing i kommunane for å høyre deira tankar om temaet, tala og vitnemåla.

Laila Thorsen er rykande fersk som kommunedirektør i Kviteseid, og er veldig klar på fordelen av å vere ny.

– Det er så fint å ha heilt blanke ark når eg blir kjent med leiargruppa. Leiarane er menneske med sin historie, sine familiar, seier Thorsen. Ho har eit klart fokus på at ein kan ordne opp i ting ved å bruke tid og sjå menneska bak problema.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Faktisk så kan det vere ein ny moglegheit for leiarar som har slite, det å få ein toppleiar som ser dei med nye augo.

– Burde kommunane ha eit system der dei rekrutterer ny toppleiar utanifrå med jamne mellomrom?

– Mi erfaring er: ja. Ein må jo bli ei stund, slik at ein finn ut av ting og blir kjend, men me treng ei ny stemme innimellom. Eg trur ikkje du skal bli i ein jobb i all æve. Til dømes var eg i ei av mine tidlegare leiarstillingar i seks og eit halvt år, og eg fekk til mykje. Men så var det godt å bytte for meg personleg. Eg trur også det var positivt for arbeidsplassen min, som fekk inn ein ny leiar med sin ryggsekk. Det er sunt, meiner Thorsen.

– Korleis får ein slike søkjarar som deg til kommunedirektørstillingar i Vest-Telemark, då?

– Eg er veldig glad for det spørsmålet, strålar Thorsen. Ho har nemleg skrive masteroppgåve i leiing knytt til omdømebygging i kommunane.

– Det handlar om det positive omdømet ein får gjennom å ha fornøgde tilsette. Det er dei beste ambassadørane ein kommune kan ha. Du kan ikkje byggje eit godt omdøme berre på utsida. «Take care of the inside, and the inside takes care of the outside», seier Thorsen.

– Og i tillegg må kommunen ha tilgang på bustadar, legg ho til, med tydeleg adresse til ordføraren.

– Her har me heilt klart litt å gå på, innrømmer ordførar Bjørn Nordskog.

Artikkelen held fram under annonsen.

Thorsen har mange tankar om korleis ho vil rettleie og støtte sine leiarar.

– Det går på å skape tryggleik heile vegen. Når du blir leiar, får du ikkje eit papir frå kvar tilsett om at dei er trygge på deg. Du må fortene tryggleiken deira. Leiarane skal ha det godt på jobb, dei skal ha det gøy, dei skal bli stilt krav til, og dei må ha kritikk for å bli betre, meiner Thorsen.

– Når det gjeld slike situasjonar som har kome fram i undersøkinga dykkar, det kan me ha som case i leiargruppa. Det å ikkje behandle nokon rett fordi du ikkje likar dei som nabo, til dømes, det er noko me ikkje kan akseptere. Kanskje det kan vere situasjonar som er så ille at den det gjeld rett og slett ikkje kan ha kommunen som sin arbeidsplass, seier Thorsen alvorleg.

Men i utgangspunktet vil ho helst få til andre løysingar.

– Eg har hatt fleire vellykka konflikthandteringssaker i mine 15 år som leiar. Det handlar om å ta seg tid, få til endring, men også snakke om det ein ikkje kan endre, meiner den engasjerte kommunedirektøren.

I undersøkinga til VTB svara mange at dei ikkje kan meine noko offentleg om arbeidsplassen sin. Dette har personalsjef i Kviteseid, Karin S. Lauvstad, nokre tankar om.

– Det skal jo vere greitt å ytre meininga si, men me må også hugse på at mange ikkje er interessert i ein offentleg debatt om arbeidsplassen sin. Når det til dømes blir negativ medieomtale, så kan mange tilsette bli lei seg og nedtrykte. Så er det slik at noko kritikk er rett og viktig, men det finst også døme på at einskilde ikkje vil legge ting bak seg. Dei vil ikkje gløyme, og nesten kosar seg litt med misnøya si. Det gjeld sjølvsagt ikkje alle som kritiserer, absolutt ikkje. Men ein må kunne leggje ting bak seg og gå vidare, dersom saka er tatt tak i og det som kan gjerast er gjort, meiner Lauvstad.

– Eg synest det er interessant, dei tilfella der einskilde tilsette er veldig negative og ikkje får til å leggje ting bak seg, skyt Thorsen inn.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har erfart at det kan endre seg dersom desse tilsette blir sett som menneske.

Det er elles Lauvstad som har æra for at Kviteseid har med setninga om at «arbeidsgjevar etter omstenda må tole ytringar ein er usamd i» i sine etiske retningsliner.

– Eg var sekretær for gruppa av politikarar og tillitsvalde som jobba med retningslinene. Så eg googla rundt og henta litt her og litt der for å lage eit utkast. Men kven eg lånte det frå, det hugsar eg ikkje, smiler ho.

Fokus på leiarutvikling i Fyresdal

– Vi arbeider kontinuerleg med leiarutvikling, men ser at dette har vore nedprioritert i pandemitida. Det vil nå bli sett større fokus på, skriv konstituert kommunedirektør i Fyresdal, Kjersti Bergland i ein e-post til VTB.

Blant dei tilsette som svara på undersøkinga i Fyresdal vart all kritikk ytra internt eller privat, ingenting offentleg. Dette meiner Bergland er positivt.

– Det er både i etiske retningsliner og varslingsrutinane lagt opp til at ein skal gå tenesteveg om ein har noko å ta opp. Dette for at ein skal forsøke å løyse ting på lågast mogleg nivå og der færrast mogleg treng å bli involvert. Når undersøkinga viser at ein høg prosent av meldingar går til næraste leiar eller tillitsvalt/verneombod, vil dette seie at det er heilt i tråd med vårt reglement og at tilsette brukar sin ytringsfridom, skriv Bergland.

– Leiargruppa er mi verktøykasse

– I Vinje er me veldig flinke til å fortelje når me er flinke. Kor systematisk klarer me å jobbe med å snakke om det som ikkje fungerer, det blir jo spørsmålet. Men frå min ståstad er det harmoni, seier rådmann i Vinje, Jan Myrekrok.

Han har jamlege drøftingsmøte med leiargruppa si, og ser på dei som si verktøykasse for å ta tak i kritikkverdige tilhøve.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me meiner me har fokus på dette med rolleblanding og «ven på jobben». Dette er krevjande, fordi ein kjem i ein habilitetsskvis, legg Myrekrok til.

Rådmann i Vinje, Jan Myrekrok, meiner det er ein harmonisk leiarsituasjon i Vinje.
Utdrag frå dei etiske retningslinene for tilsette og folkevalte, Vinje kommune:

Lojalitet:

Alle, både tilsette og folkevalde har eit ansvar for at Vinje kommune får eit positivt omdøme både internt og eksternt.

Tilsette og folkevalde pliktar lojalt å fylgje lover, forskrifter og retningsliner som gjeld for Vinje kommunes verksemd.

Lojalitetsplikt inneber både avgrensingar i kva ein kan uttale seg om offentleg, og kva ein kan gjera i form av handlingar.

– Blir lojalitetsomgrepet misforstått, trur du?

– Her har me nok forbetringspotensial, dersom lojalitet blir forstått slik at ein legg band på å melde ifrå om kritikkverdige tilhøve. Men elles vil eg utfordre dei tillitsvalde. Eg håpar dei tilsette bruker dei tillitsvalde. Alle dei tre største forbunda og hovudverneombodet har kontor rett ved meg her på kommunehuset, understrekar Myrekrok.

Dei fleste kommunane nemner i sine retningsliner at dei tilsette har ytringsfridom som privatperson. Likevel viser undersøkinga til VTB at mange tilsette tenkjer dei ikkje kan meine noko offentleg om arbeidsplassen.

– Me har nok ein informasjonsjobb å gjere, seier ordførar i Vinje, Jon Rikard Kleven.

– Det er ikkje berre greitt å ytre seg kritisk, det er ei plikt. Det er det som er lojalitet, å seie ifrå når noko er feil, slår Kleven fast.

For openheit: Ordførar Jon Rikard Kleven i Vinje vil vite om uheldige tilhøve. – Det er lojalt å seie ifrå om det som er feil, og når du ikkje fram internt så kan du ta det offentleg, seier Kleven.

– Dei etiske retningslinene våre har kanskje litt slagside, innrømmer rådmann i Vinje, Jan Myrekrok.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me hadde nokre uheldige episodar på internett for nokre år sidan, der tilsette lira av seg store mengder «skit». Formuleringane om lojalitet og dette med å avstå frå å seie og gjere ting kom vel inn i reglementet etter dette, trur eg, seier Myrekrok.

– Det kan vere aktuelt å rullere retningslinene våre. Me ønskjer eit fokus på at det å ytre seg skal vere greitt, men at ein må vurdere måten ein ytrar seg på. Ein har ein del ord å velje blant, og nokre ord burde ein velje vekk, held Myrekrok fram.

– Omgrepet ytringsfridom, burde det få større plass i reglementet dykkar? No er det berre nemnd under overskrifta «sosiale medium»?

– Det er mogleg. I tillegg burde me kanskje bytte ut omgrepet «omdøme» med «tillit», seier Myrekrok ettertenksamt.

– Funna viser oss kor me kan bli betre

Kommunedirektør i Tokke, Finn Arne Askje, er glad for tala frå VTB.

– Noko visste me, og noko viser oss kvar me kan bli betre. Funna til VTB passar fint å bruke i eit leiaropplegg me alt har planlagt i haust. Eg sender gjerne ei påminning til dei tilsette, slik at me kan få endå høgare svarprosent på undersøkinga dykkar når det gjeld Tokke kommune, seier Askje.

Han fortel at kommunen sjølve har kartlagt ytringsklimaet mellom verneombod, tillitsvalde og leiarar, og også her avdekka dei at ting kunne fungere betre.

Kommunedirektør: Finn Arne Askje i Tokke.

– Kva vil du seie til tilsette som får ein telefon eller e-post frå ein journalist?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Svar på spørsmåla om de ønskjer det, oppmodar Askje.

– Berre hugs å seie at du snakkar på eigne vegner, legg han til.

Nokre kommunar har framheva ytringsfridom tydelegare enn andre. Både Kviteseid og Seljord er omgrepet del av ei overskrift i dei etiske retningslinene. Kviteseid kommune har i tillegg altså ei setning som skil seg ut i Vest-Telemark: «Arbeidsgjevar må etter omstenda tole ytringar ein ikkje er samd i». VTB siterer denne setninga for ordførar i Tokke, Jarand Felland.

– Noko av det fyrste eg tok initiativ til då eg vart ordførar i 2015, var å få revidert dei etiske retningslinene til Tokke. Dei var ugreie, seier Felland.

Innspel gjer ting betre: – Som politikar får du ofte ikkje vite kva som går føre seg. Men me vil gjerne vite om det, seier ordførar i Tokke, Jarand Felland.

– Men dei kan alltid bli betre likevel. Det er bra at media skriv om desse tinga. Kva var det Kviteseid hadde skrive i retningslinene sine, sa du. Eg skriv det ned og tek det med meg, seier Felland, og tek fram penn og papir.

Felland er bekymra for utviklinga med fokus på PR og omdøme. Han minnest åra han jobba i Olje- og energidepartementet, frå 2004 til 2009.

– Eg hugsar godt at dei vart fleire og fleire på kommunikasjonsavdelinga, og mitt inntrykk var at det var dei som skulle svare på alle spørsmål frå media. Det var frustrerande, for dei hadde jo ikkje nærgåande kjennskap til noko felt, fortel Felland.

– Men kommunane har ikkje slike kommunikasjonsavdelingar?

– Gje det ti år til, så har me nok dessverre det, sukkar Felland.

– Og dei avdelingane kjem nok til å rekruttere dei beste journalistane ved å tilby omtrent dobbel løn, spår han.

Nissedal er nøgde med eigne retningsliner

I Nissedal har tilsette også «full ytringsfridom» i eitt avsnitt i sitt mediereglement, men med fleire avgrensingar i andre avsnitt som er formulert på ein slik måte at einskilde tema kan verke utilgjengelege for den private ytringsfridomen.

Når det står at «skjønnsmessige kommentarar eller vurderingar av faglege tilhøve skal gjevast av einingsleiar», så kan ein lett å gløyme at ein faktisk kan koma med slike kommentarar og vurderingar, berre ein gjer det på vegner av seg sjølv, og ikkje kommunen.

I mediereglementet til Nissedal står det om informasjonsberedskap at dersom tilsette «oppdagar tilhøve som kan skape oppslag i media» så skal dette meldast til overordna, og kommunen avgjer kven som eventuelt kontaktar media og korleis det skal skje. Dette kan også tolkast som at dei tilsette sjølve ikkje har høve å meine noko om saka offentleg.

Ved på setje inn «på vegner av kommunen» i slike avgrensingar, kan ein minne om at personlege kommentarar og personleg mediekontakt er greitt. Me spurte ordførar og kommunedirektør i Nissedal om det kunne vere behov for å endre reglementa deira for å verne ytringsfridomen til dei tilsette betre. Kommunedirektør Sverre Sæter var avvisande til dette.

– Nissedal kommune sitt mediereglement er etter mi meining eit progressivt reglement som kommunen fekk skryt av frå Norges Journalistlag. I Nissedal er det ikkje slik at det berre er kommunedirektøren som skal uttale seg, skriv Sæter i ein e-post til VTB.

Han meiner elles at spørjeundersøkinga til VTB ikkje har relevans for Nissedal fordi dei etiske retningslinene var utgangspunktet for fleire av spørsmåla.

– Eg vil hevde at for Nissedal kommune sin del er undersøkinga å rekne som ein nullitet. Dette skal vere ei undersøking om ytringsfridom, og ein legg kommunane sine respektive etiske retningslinjer til grunn. Eg orienterte journalisten i forkant av undersøkinga at i Nissedal kommune sine etiske retningsliner vert ikkje ytringsfridom omtala. Me meiner at dette er eit så viktig punkt for oss at det i si tid vart utarbeidd eit eige mediereglement der nettopp dette med ytringsfridom står sentralt, skriv Sæter i sin e-post.

Me skreiv attende til Sæter, i håp om å få kommentarar på dei delane av undersøkinga som er relevante uavhengig av kva retningsliner ein ser på – at så mange ikkje tenkjer at dei har høve til å meine noko offentleg om arbeidsplassen sin, og kva kommunen vil gjere for å ta tak i dei konkrete situasjonane tilsette har opplevd. Me har ikkje fått svar på dette.

Skulle helst sett at talet var 0

– Det er interessant å sjå kva våre tilsette har svara, sjølv om dei ikkje var så mange, skriv kommunedirektør i Seljord, Rikke Raknes, på e-post.

Seljord var kommunen med lågast svarprosent, noko Raknes tolkar som at dei tilsette kjenner seg godt ivaretekne.

– Retten til å ytre seg fritt står høgt i vår kommune tør eg påstå! Når det gjeld dei 52% som seier at dei ikkje fritt kan meine noko offentleg, er det vanskeleg for meg å seie noko om det, synest eg. Eg skulle sjølvsagt helst sett at det talet var 0, for det er absolutt greitt å meine noko viss det er sakleg og gjennomtenkt, skriv Raknes.

– Det er også godt å sjå at tillitsmannsapparatet ser ut til i virke som det skal, og at mange tar kontakt med tillitsvald/verneombod og/eller går tenesteveg dersom det er noko.

Er du kommunalt tilsett, men fekk ikkje svara på undersøkinga? Den er open enno! E-posten med lenke til undersøkinga vart sendt til di kommunale e-postadresse i midten av juni. Me tek gjerne imot fleire svar!

Les også
Fleirtalet tenkjer dei ikkje kan meine noko offentleg om arbeidsplassen
Les også
Måtte bli vaksen og kommunalt tilsett før ho opplevde mobbing
Les også
– Det er lågt under taket i mange kommunar, og det er rett og slett ein uhaldbar situasjon