Folk kan bestille Janssen-vaksinasjon frå 15. juni

Janssen-vaksinasjon kan bestillast frå tysdag 15. juni.

Det vart klart på ein pressekonferanse onsdag ettermiddag.

I mai bestemde regjeringa at dei vil opne for frivillig Janssen-vaksinasjon, og Helsedirektoratet fekk i oppdrag å vurdere korleis vaksinasjonen utanfor det regulære vaksinasjonsprogrammet skal gå føre seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Meir enn 200.000 dosar ligg på lager etter at vaksinen vart sett på pause i Noreg i april.

Folkehelseinstituttet har tilrådd regjeringa å skrote Janssen-vaksinen, slik dei gjorde med AstraZeneca-vaksinen, etter fleire tilfelle der vaksinerte fekk blodproppar og få blodplater. Eit fleirtal i det regjeringsoppnemnde Vorland-utvalet tilrådde likevel regjeringa å tilby vaksinen unntaksvis, og eit mindretal meinte at den burde kunne tilbydast på resept.

Legeforeininga har vore kritiske til at legar skal kunne skrive ut vaksinen på resept og har sagt at det er umogleg utan å vurdere om det er forsvarleg.

Det som skil Janssen-vaksinane frå dei andre vaksinane som blir brukte i Noreg, Pfizer og Moderna, er at berre éin dose er nødvendig for å reknast som fullvaksinert. Tre veker etter vaksinestikket får ein òg grønt lys i vaksinesertifikatet.