Arbeidet med fellesområdet er i hovudsak utført av Kåsa & Ringhus Entreprenør AS.

Flunkande nytt fellesområde i Haukeli

Ved Tyrvelitjønn i Haukeli er kan ein no ta i bruk ny leikeplass, sandvolleybane, badestrand og gapahukar med bålplass. Det er grunneigarane Kåsa-familien som står bak tiltaket, med hjelp av kommunal stønad.

Publisert

Fellesområdet ligg på eigedomen til Kåsa-familien, som etablerte Tyrvelid AS i 2021. Det er Ivar Kåsa som har vore primus motor og pådrivar for prosjektet, som har vore planlagt sidan 1980-talet. Likevel kom ikkje arbeidet skikkeleg i gang før våren 2025. Sjølv om området no er ope for fri bruk er det fleire planar som gjenstår. 

Det er mellom anna plan om å bygge ein basketballbane som kan fungere som skøytebane om vinteren. Etter sommarferien blir det sett opp ljosmaster på området. I tillegg arbeider selskapet med fleire prosjekt ved Bukkeneset og Tyrvelid-krysset.

Det er Kåsa & Ringhus Entreprenør som har utført arbeidet. Verksemda blei etablert av yngstesonen Svein Tore Kåsa i 2002, og har vekse til ein maskinentreprenør med 53 tilsette per juni 2026.

Stille fjordbasseng med steinstrand, molo og grøne åsar.
Den nye stranda freistar med ein kald dukkert i Tyrvelitjønn.
Nytt uteområde med sand og leikeapparat ved fjorden.
Sandvolleyballbanen blei ferdig pussa førre torsdag.

Kommunal kapital

Utbygginga av fellesområdet har fått stønad frå Vinje kommune i fleire omgangar. Prosjektet fekk 200 000 kroner i reiselivsmidlar i 2025 og 650 000 kroner i reiselivsmidlar i 2026. I tillegg fekk dei 200 000 kroner frå kommunen sine frie midlar i 2025.

Området skal vere til glede for både hyttefolk, fastbuande og forbipasserande. 

Ny leikeplasskonstruksjon med sklie og klatrevegg under montering.
Splitter nytt leikestativ.
Gravemaskin og stålramme på anleggsplass.
Klatrestativ i vaksenversjon.







Powered by Labrador CMS