Nesten 2 av 3 tenkjer dei ikkje kan meine noko offentleg om arbeidsplassen

Det kan vere ein balansegang i eit utfordrande landskap, det å vere fullverdig borgar med rettar som ytringsfridom og vern mot trakassering, samstundes som du er kommunalt tilsett.

På den eine sida har kommunane behov for interne rutinar og kanalar, og ein ønskjer at alle bidreg til å byggje eit positivt omdøme for kommunen. På den andre sida har den einskilde tilsette ytringsfridom, også om eigen arbeidsplass og arbeidsgjevar.

Media har eit samfunnsoppdrag når det gjeld å undersøke korleis kommunane forvaltar sine ressursar, og korleis dei opptrer som arbeidsgjevarar. Her kan arbeidstakarane vere sårbare, og streng indre justis i kommunen kan gjere det heilt utenkeleg for ein vanleg tilsett å uttale seg til media om noko kritikkverdig.

Artikkelen held fram under annonsen.

VTB har derfor undersøkt kva for kår ytringsfridomen har i kommunane våre. Me tok utgangspunkt i dei etiske retningslinene til kommunane i undersøkinga, då desse ofte formulerer skriftleg ei rettesnor som er brei, og famnar omgrep som omdøme, lojalitet, media og ytringsfridom. 16,6 % av dei kommunetilsette har svara på undersøkinga (335 av 2020 personar).

Undersøkinga

Alle kommunetilsette fekk tilsendt seks spørsmål kring midten av juni. Fire av spørsmåla var like for alle. Dei to siste spørsmåla handla om konkrete formuleringar i retningslinene til den einskilde kommunen.

Dette var spørsmåla alle fekk:

– Tenkjer du at tilsette i din kommune fritt kan meine noko offentleg om eigen arbeidsplass eller arbeidsgjevar?

– Korleis synest du din rett til ytringsfridom blir tatt vare på i dei etiske retningslinene til din kommune?

– Kva for kanalar har du nytta for å ytre deg kritisk om din arbeidsplass eller arbeidsgjevar?

– Kjenner du til situasjonar der ytringsfridomen til tilsette har blitt innskrenka på ein uheldig måte av dei etiske retningslinene til din kommune? Skriv gjerne ei kort skildring av situasjonen/-ane.

Er du kommunalt tilsett, men fekk ikkje svara på undersøkinga? Den er framleis open, og me tek gjerne imot fleire svar! E-post med lenke til undersøkinga vart sendt til di kommunale e-postadresse kring midten av juni.

Les også
Måtte bli vaksen og kommunalt tilsett før ho opplevde mobbing

Kan ikkje fritt meine noko offentleg

Eitt av dei klaraste funna i undersøkinga er ein dominerande tanke om at ein ikkje fritt kan meine noko offentleg om arbeidsplassen eller arbeidsgjevaren sin.

Stor overvekt av intern og privat kritikk

Eit anna interessant funn er i kor stor grad kritikk berre skjer internt og privat. Sjølv om intern kritikk ofte er det beste i fyrste omgang, kan dette likevel få slagside. Ein ser at det er langt fleire vitnemål om uheldig innskrenking av ytringsfridomen og ugrei handsaming frå leiarar enn det som har blitt ytra offentleg blant dei som har svara på undersøkinga.

Relativt fornøgde med retningslinene

I det store og heile var tilsette ganske fornøgde med dei etiske retningslinene til kommunen dei jobba i. Det var likevel skilnad mellom kommunane, både når det gjeld vurderinga av retningslinene - og om dei tilsette i det heile var kjend med dette dokumentet.

Tilsette i dei fire kommunane som ikkje hadde eigne avsnitt om ytringsfridom fekk høve til å meine noko om dette. Dette gjaldt 266 av dei 335 respondentane. Halvparten av desse meinte at ytringsfridom burde få eit eiget avsnitt i deira retningsliner.

Kritiserer åtferda til leiarar

I det opne spørsmålet om situasjonar der ytringsfridomen til dei tilsette hadde blitt innskrenka på ein uheldig måte av dei etiske retningslinene, svara dei fleste «nei» eller ingenting. Nokre hadde likevel kjennskap til uheldige situasjonar, og mange av desse peika på åtferda til leiarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ja, det kjenner eg til. Fleire episodar der tilsette har blitt kalla inn på teppet til overordna, der tilsette har bruka ytringsfridomen sin. Dette er ein uheldig kultur i kommunen.
Kommunetilsett
Eg veit om tilfelle der tilsette fekk munnkorg av overordna sjefar for å hindre at kritikkverdige tilhøve vart offentleg kjend. Det handlar om korleis sjefar behandlar tilsette på ein kritikkverdig måte.
Kommunetilsett
Det handlar om kompetanse til å handtere og ta tak i kritiske ytringar av leiarar på dei høgste nivåa. Å ha jobba med det same i 40 år betyr ikkje at ein sit på fasiten.
Kommunetilsett
Ja, overordna har både i e-post og gjennom mellomleiarar gitt tydeleg beskjed om å ikkje å ytre seg privat på til dømes Facebook. Eit døme: Det blir reagert på dersom tilsette deler innlegg i aviser som omtaler kommunen negativt.
Kommunetilsett
Kjenner fleire som har opplevd arbeidssituasjonen som uhaldbar. Det er vanskeleg når ein tek opp arbeidsforhold med overordna når ein ikkje blir høyrt, og ein ikkje kan gå vidare.
Kommunetilsett
Verkar som kommunen er meir opptatt av korleis dei blir framstilt. Verkar som at dei berre skal ha god PR. Det vil sjølvsagt vere ting som ikkje funkar - like viktig å fram dette. Men dei hysjar ned i staden for å ta tak i problema på ein god måte. Til dømes viss ein blir utsett for dårlege einingsleiarar, som brukar hersketeknikkar som høyrer til i førre hundreår. Det skulle vere lettare å varsla, seie ifrå kva som har blitt sagt. Blir heller skremt frå det, orkar ikkje kampen med å seie ifrå.
Kommunetilsett
Leiaren i min etat held ei klam klo over alle tilsette.
Kommunetilsett