Fleire har tatt i bruk hytta som kontor under koronapandemien. Foto: Berit Keilen / NTB / NPK

Fleire vil jobbe frå hytta

Fire av ti hytteeigarar har brukt meir tid på hytta under pandemien. Fleirtalet av desse vil bruke like mykje tid på hytta framover, mellom anna for å jobbe.

Blant dagens hytteeigarar bruker to av tre aldri hytta som kontor, ifølgje ei undersøking Ipsos har utført for DNB Eiendom. Framtidige hytteeigarar ser likevel for seg å kombinere hyttetilværet med jobb i større grad. Seks av ti ser for seg å jobbe frå «hyttekontoret».

– Før brukte vi hytta i helgane og når vi hadde ferie, men no kjem hytta òg i bruk på kvardagane, seier segmentssjef for fritidsbustad i DNB Eiendom, Tone C. Krange.

Artikkelen held fram under annonsen.

Framleis er naturopplevingar viktig, men hyttekjøparane i framtida ønskjer òg breiband, elbilladar og tilgjengelegheit.

– Vi trur nærleik til byane blir viktig, slik at det blir enkelt å kombinere hyttelivet med ein hybrid arbeidskvardag, seier Krange.

Pandemien har ført til auka interesse for å eige hytte, og prisane for fritidsbustader steig med 12,6 prosent i første halvår av 2021, ifølgje tal frå Eiendom Norge.

Førebels er det lite som tyder på at interessa skal stoppe opp. Det har komme nye og yngre kjøpegrupper til under pandemien, ifølgje Krange.

(©NPK)