Vil gjerne hjelpe fleire: Det interkommunale og tverrfaglege tilbodet om Rask psykisk helsehjelp har halde på sidan 2022, og har vore i kontakt med 280 vesttelar. Anne Kjersti Aase (t.v.) er ei av dei som har fått god hjelp av teamet. RPH-teamet vidare frå venstre Ingunn Birkeland, Anne Lise Forberg, Toril Aasmundstad og Eva Margrethe Ellingsen.

Fleire hundre har alt nytta lågterskeltilbodet. – Eg hadde gått på ein smell om eg ikkje hadde sendt ei melding

Sidan oppstarten i fjor har Rask psykisk helsehjelp-teamet vore i kontakt med 280 vesttelar, dei fleste kvinner – men det siste året også stadig fleire menn.

– Eg klarte ikkje eingong å seie kva eg trong hjelp til då eg sende den fyrste meldinga på Messenger. Alt var kaos i hovudet mitt, fortel Anne Kjersti Aase frå Flatdal om den fyrste kontakten ho hadde med Rask psykisk helsehjelp (RPH).

RPH Vest-Telemark er eit behandlingstilbod innan psykisk helse til innbyggjarar i regionen over 16 år. Basekontoret er i Seljord, men dei har også høve til å kome ut for møte i alle dei seks kommunane i regionen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Aase var i arbeid, men ei livshending gjorde at ho fekk behov for hjelp og bistand til å takle det ho stod i. Ho hadde sett Facebook-sida til RPH Vest-Telemark og tok kontakt. Aase fekk raskt svar om at ho kunne kontakte dei ved å ringe på ei fastsett tid. Eller så kunne teamet ringe henne.

– Eg sende dei berre telefonnummeret mitt, så var me i gang. Eg trur eg hadde gått på ein smell om eg ikkje hadde sendt den fyrste meldinga og spurt om hjelp, seier ho.

– Livet skjer for alle

Aase meiner lågterskeltilbodet var avgjerande, og fortel at ho fyrst blei kartlagt og fekk vere med å medverke korleis ho og teamet skulle jobbe vidare saman.

– Alle metodikkar passar ikkje alle, men eg fekk gode verktøy og hadde fine samtalar som passa meg. Eg meiner psykisk og fysisk helse bør vere likestilt. Ein tar jo kontakt med legen om ein har vondt i ein arm eller fot, så kvifor ikkje spørje om hjelp når det skjer noko psykisk – livet skjer jo for alle, meiner Aase.

Ho meiner hjelpa frå RPH-teamet har vore storveges, og påpeikar at ein treng ikkje «ligge nede» før ein tør å spørje om hjelp.

– Ta kontakt med oss før du blir utbrent eller sjukemeldt, oppmodar Toril Aasmundstad og dei andre tilsette i RPH-teamet.

Aase er einig, og seier ho kjenner at ho kom i mål med utfordringane ho hadde, og at ho har det fint i dag.

– Men eg veit at eg kan berre ringe dersom eg treng støtte att seinare, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fullrosar tilbodet

Me møter også ein ung mann som rosar hjelpa han har fått frå RPH-teamet. Han fekk høyre om det interkommunale tilbodet via legen på det lokale legekontoret sitt. Han fortel at han ringde temaet, og fekk eit skjema han måtte fylle ut, slik at dei kunne vurdere kva hjelp dei eventuelt kunne gje han.

– Like etterpå starta me med fysiske samtalar, og eg fullrosar tilbodet. Me møttest kanskje ein gong i månaden til samtalar i starten, så snakka me saman på telefonen, før eg starta med ulike nettbasert rettleiingar.

Mannen seier at dei tilsette i teamet fekk han til å forstå kvifor kroppen fungerte som han gjorde.

– Eg var i arbeid, men hadde ein tung kvardag. Hadde eg ikkje tatt tak og fått hjelp veit eg ikkje kor lenge det hadde gått, for det tærte på psykisk, fortel han og legg til at han var i dialog med teamet i om lag eitt år.

Han meiner det er mange fordelar med at tilbodet er interkommunalt, og at ein kunne snakke med nokon ein ikkje kjente frå før.

– Me bur trass alt i små bygder der alle kjenner alle. Dei tilsette har sjølvsagt teieplikt, men om tilbodet var lokalt hadde det påverka kjensla for meg om at dei fekk vite alt om meg.

Me undrar korleis den unge mannen har det i dag?

Han svarar at han har fått ein kvardag der han slepp engste seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har fått snudd livet tilbake slik det ein gong var, seier han.

Han trur ingen, og spesielt ikkje unge gutar og menn vil vise ei svak side av seg sjølv. Men han har sett verdien av å spørje om hjelp, og har tipsa andre om tilbodet han sjølv har hatt stor nytte av.

– For oss som bur i Vest-Telemark er det nærast håplaust å få time hos ein psykolog, og det kostar mykje pengar også, så tilbodet til rask psykisk helsehjelp er gull verdt, rosar han.

Personlege møte og kurs

Fagleg leiar Eva Margrethe Ellingsen, som er utdanna sosionom og kognitiv terapeut, fortel at 280 vesttelar har kontakta teamet sidan dei starta opp for halvtanna år sidan. Med seg i teamet har ho Ingunn Birkeland, Anne Lise Forberg og Toril Aasmundstad som alle er utdanna sjukepleiarar og kognitiv terapeutar. Dei fire kvinnene deler 3,5 årsverk, og manglar den siste halve stillinga frå ein kommunepsykolog som dei håpar snart er på plass.

Dei fortel at hovudgruppa som tar kontakt med RPH er i alderen 25 til 55 år, og dei fleste er kvinner med nyoppståtte plager.

– Men i det siste har det blitt fleire vaksne menn, kanskje fordi dei lokale legane er flinkare til å tipse om tilbodet vårt, og at folk snakkar saman om erfaringar dei har etter møte med oss, seier Ellingsen og legg til at RPH-teamet er eit supplement til dei helsetenester som alt finst i kommunane i regionen.

Mange av dei som tar kontakt strevar i arbeidslivet, har kanskje blitt sjukemelde eller er i fare for å bli det. Dei kan ha utfordringar med angst, depresjon, stress, belastningar eller låg sjølvkjensle. RPH-teamet har ulike verktøy som kan gjere det lettare å handtere livet, som mellom anna kognitiv terapi.

I tillegg til ein-til-ein møte arrangerer dei også ulike typar kurs for å nå breiare ut. Tankeviruskurset har vore populært, så langt har 52 personar gjennomført kurset der ein blir meir bevisst på korleis tankar og merksemd påverkar korleis ein har det.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tankeviruskurset i Vinje i november er alt fullt, men det er framleis ledige plassar på kurset i Kviteseid. Me skal også halde kurs for elevar på Vest-Telemark vidaregåande på Dalen og på Kvitsund gymnas. Mange kan slite med at dei er bekymra eller ha andre utfordringar, og då kan det vere fint å få nokre verktøy til å handtere dette. På kursa vel ein kva ein vil dele om seg sjølv, men me erfarer at deltakarane får meir ut av kurset om ein er aktiv, seier dei tilsette.

RPH-teamet startar også eit nytt tilbod om kurs for menneske med store søvnvanskar, og som har slite med dette over lang tid. Før ein får delta på desse gruppene vil dei tilsette i teamet ha samtaler med deltakarane.

Teamet ser også absolutt fordelen med å ha eit regionsamarbeid, og er glade for at dei er med på å tilføre kommunane i Vest-Telemark eit tilbod ein ikkje hadde tidlegare, i godt samarbeid med eksisterande tenester.