FASTLEGE-MANGEL: Rundt 100.000 nordmenn står no utan tilbod om fastlege. Fleire meiner situasjonen er alvorleg og krev at sentrale styresmakter kjem på banen for å løysa krisa.

Fleire fryktar fastlegeordninga kan bryta saman

I år er det 20 år sidan fastlegeordninga blei innført. Ordninga gjev alle som bur i ein kommune rett til å ha ein fastlege. Men to tiår etter at ordninga blei innført, fryktar fleire at heile ordninga kan bryta saman om ikkje staten grip inn.

Mange kommunar rundt om i landet har i fleire år ropt varsku om mangelen på fastlegar. Fleire meiner situasjonen no har gått frå vondt til verre. Mangelen på fastlegar er ikkje lenger berre eit problem for mange distriktskommunar. Også i byane er det mange som opplever det same.

På landsbasis står no rundt 100.000 personar no utan fastlege, ifylgje tal interesseorganisasjonen for kommunane (KS) la fram tidlegare i vår.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
– Me er slitne, og ein lurar på kor lenge ein orkar å halde ut

– Svært alvorleg

Bjørnafjorden kommune i Vestland er blant dei som slit. Der vil om lag 6.500 personar stå utan tilbod om fastlege til hausten, fortel Os og Fusaposten.

Sveinung Gangstø, legevaktsjef og einingsleiar legevakt og legetenester i kommunen, karakteriserer situasjonen som ei krise. Sjølv meiner Gangstø at framtida til heile fastlegeordninga kan vera i fare dersom det ikkje sentrale styresmakter tek grep.

Det er han ikkje åleine om. Fylkespolitikar i Vestland, Trude Brosvik (KrF), er blant dei som deler bekymringa til Gangstø.

– Inntrykket mitt er at situasjonen no er svært alvorleg for mange, seier ho til Nynorsk pressekontor.

Vestland krev tiltak

På det siste møtet til fylkestinget i Vestland fylkeskommune før sommarferien, fekk ho fylkestinget med på å fremja ei fråsegn til regjeringa om saka. I fråsegna krev fylkestinget at det blir ei løysing på fastlegekrisa.

Sjølv om regjeringa i fjor kom med ein pakke for å styrkja fastlegeordninga, er fylkespolitikarane i Vestland klare på at dette ikkje er nok. Dei krev at handlingsplanen som blei lagt fram i fjor blir utvida og forsterka. I ei liste på seks punkt kjem dei med forslag til korleis dette kan gjerast.

– Eg tenkjer at staten må ta eit samordna grep for å sikra at vi har denne viktige tenesta i landet vårt. Noko av det dreier seg om å få meir pengar inn i ordninga, men ein må også sjå på kva ressursar ein har av folk og korleis ein styrer dei ressursane, seier Trude Brosvik.

Les også
Krevjande å rekruttere legar: Nå er det fire ledige legestillingar i regionen

Lege utan å driva bedrift

Sjølv er Brosvik særleg oppteken av det siste punktet på lista. Det dreier seg om å leggja til rette for at fastlegane i større grad kan bli fast tilsette i kommunane, i staden for at dei skal vera næringsdrivande og driva si eiga bedrift.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Hovudregelen er framleis at legane skal vera sjølvstendig næringsdrivande, men inntrykket mitt er at mange yngre legar ønskjer å gå inn i eit arbeid der dei kan bruka utdanninga si utan å vera forretningsførar, byråkrat eller gründer, seier Brosvik.

Ved at kommunane tek på seg arbeidsgjevarsvaret for legane, trur ho det vil vera lettare for kommunane å skaffa seg legar – ikkje minst i distrikta. Det har ho sjølv gode erfaringar med frå sin eigen heimkommune Gulen i ytre Sogn.

Krev kompensasjon

Eit viktig krav frå fylkespolitikarane i Vestland, er at kommunane som tek på seg arbeidsgjevaransvaret for legane, får kompensert for dette frå staten og ikkje må betala millionar av kroner frå eigne budsjett slik mange mindre kommunar gjer i dag.

Det har også KS vore krystallklar på. Styreleiar Bjørn Arild Gram sa tidlegare i vår at fastlegeordninga er underfinansiert og at kommunane må bruka meir og meir av eigne pengar for å halda liv tenesta. Dette er pengar kommunane eigentleg skulle brukt til andre formål.

Ifylgje KS er det behov for ei tilleggsløyving på 500 til 700 millionar kroner for å redda fastlegeordninga.

Les også
Har nesten 1000 fleire pasientar enn det er innbyggjarar

Avgrensa tal på legar

Trude Brosvik etterlyser også ei heilskapleg vurdering av korleis ein brukar legeresursane. Inntrykket hennar er at det har blitt fleire og fleire legar i spesialisthelsetenesta, og færre legar igjen til å vera fastlegar i førstelinjetenesta. Det meiner ho er ei uheldig utvikling.

– Det er ei avgrensa mengd med legar. Viss ein ikkje har nok kompetanse og nok legar i førstelinjetenesta, vil dette føra til at ein får eit uforholdsmessig stort press på spesialisthelsetenesta, seier Brosvik.

Ho peikar på at dette også vil vera svært negativt økonomisk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Staten må difor ha eit overordna syn på korleis ein skal klara totalen. Då kan ein ikkje berre satsa på at fastlegane skal vera private og at spesialisttenesta eser ut, seier Trude Brosvik.