Mindre bokutlån: Bokutlånet ved biblioteket i Nissedal kommune gjekk mykje ned i fjor, men det kan ha samanheng med endring av registrering/teljemåte.

Fleire bibliotekbesøk – utlånet gjekk ned

I fjor var det 6920 bibliotekbesøk i Nissedal kommune, medan talet for året før var 5572. Bokutlånet blei på 4563 i 2019, ein nedgang på over 3000 frå 2018.

I årsmeldinga til Nissedal kommune for 2019 blir det påpeika at endring av tal på biblioteket kan ha ein samanheng med endring av registrering/teljemåte frå 2018 til 2019.

Andre tal frå årsmeldinga er 2386 besøk på turistinformasjonen i fjor, mot 2470 året før.

Artikkelen held fram under annonsen.

I fjor var det 27 brannutrykkingar i Nissedal, like mange som i 2018.

Det var i 2019 totalt 82 personar som tok imot heimesjukepleie, 4 fleire enn året før.