Fire er i karantene. Ventar prøvesvar i dag.

Fire personar er definert som nærkontaktar. Fleire er i ventekarantene.

Det melder Kviteseid kommune onsdag. Måndag stadfesta kommunen at ein tilsett på KOS hadde testa positivt på covid-19.

Dei fire nærkontaktane er sett i karantene. Det er i tillegg fleire personar som er i ventekarantene fram til negativt testresultat ligg føre.

Kommunen ventar svar på prøvene i dag.

Alle hurtigtestane som blei tatt var negative.