Syter for ny rekord: Det er særleg bøsseberarane som syter for nytt rekordår i Seljord. To av dei var Ingebjørg Moen og Reidar Skogheim. Etter å ha slite med å skaffe bøsseberarar tidlegare i veka, var det på aksjonsdagen full rodedekning i Seljord.

Fire av seks kommunar toppa fjorårets TV-aksjon

Allereie sundag kveld var det klart at Seljord hadde toppa fjorårets rekord-aksjon. Måndag morgon er status at fire av seks kommunar har sett ny rekord, og det har også TV-aksjonen som heilskap.

Publisert Sist oppdatert

Fjoråret var eit rekordår i TV-aksjonen si 49-årige historie, og det vart då samla kring 266 millionar kroner til Leger Utan Grenser. I år vart det nok eit rekordår, med over 273 millionar kroner. Pengane går i år til Redd Barna, for å hjelpe barn i krig.

2023 vert også ny rekord i fire av seks kommunar i Vest-Telemark, og totalt var det registrert over 1,2 millionar innsamla kroner i Vest-Telemark måndag morgon. Fleire stadar har summen innsamla av bøsseberarane auka. I Seljord auka summen frå bøsseberarane frå eit nivå på kring 90 000 kroner dei siste åra, til kring 123 000 kroner i år. Det hadde måndag morgon blitt samla inn 72,76 kroner per seljording – til saman 213 837 kroner.

Kjempesum frå Vinje

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS