Finansministeren og distriktsministen kjem til Dyrsku’n.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltek på Dyrsku’n laurdag. Blir bøndene sett meir pris på i krisetid er tema i samtale med Nationens Eva Nordlund. Leiar i Småbrukarlaget, Kjersti Hoff, kommenterer.

Pandemi, krig og straumkrise har mogleg synleggjort verdien den norske bonden har i samfunnet. Må det verkeleg slike kriser til for at vi skal både forstå og sjå verdien av den norske matproduksjonen, og kvifor har det blitt slik, spør Eva Nordlund som skal leie samtala under konferansen Kvinner i Landbruket i TettPå arenaen på Dyrsku’n laurdag.

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik deltek i debatt kring bruken og verdien av den norske matjorda. I debatten møter vi bonde Anne Grødem som takka nei til 150 millionar for å selje ut matjorda si til eit opsjonsfirma som ville bygge eit datasenter. I debatten deltek også Rasmus Hansen frå MDG og Erling Aas-Eng frå Noregs Bondelag. Debatten vert leia av Anne Ekornholmen og Eva Nordlund.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi er svært glade for at både finansminister Vedum og Kommunal- og distriksminister Gjelsvik kjem til Dyrsku’n for å belyse desse sentrale tema, seier administrerande direktør i Dyrsku’n Geir Helge Espedalen.