Smitteverndirektør i FHI Geir Bukholm seier dei vil tilrå å gjenopne Noreg i løpet av kort tid. Foto: Annika Byrde / NTB / NPK

FHI vil tilrå å gjenopne landet om kort tid

Nye analysar som Folkehelseinstituttet har fått inn, viser ei positiv utvikling i koronasituasjonen. No vil FHI om kort tid tilrå gjenopning av landet.

Dei faktiske smittetala, i kombinasjonen med prognosane for tre veker framover, viser at smitten tydeleg går ned. Det gjer òg venta sjukehusinnleggingar. Derfor vil FHI snarleg tilrå å opne landet, seier vaksinesjef Geir Bukholm i FHI til VG.

– Det handlar eigentleg om å finne det rette tidspunktet. Vi vil jo tilrå regjeringa å opne i løpet av den næraste tida, seier Bukholm.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han seier tidspunktet for gjenopning avheng av at kommunane opplever at dei er klare:

– Det handlar først og fremst om å finne eit praktisk tidspunkt der kommunane er førebudde og får planlagt, seier Bukholm. Han legg til at dei òg ønskjer å kvalitetssikre tala og situasjonen for å vere heilt sikre.

Ifølgje nye analysar held smitten fram å søkke i alle aldersgrupper, spesielt for dei mellom 5 og 40 år. Det viser ein tydeleg vaksineeffekt og befolkningsimmunitet.

Når gjenopninga vil skje, er opp til regjeringa å avgjere.

(©NPK)