Smitteverndirektør i Folkehelseinstituttet Geir Bukholm. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK

FHI: Kommunane kan bestemme sjølve når dei vil setje dose to

Folkehelseinstituttet opererer ikkje lenger med eit fiksert intervall mellom vaksinedosane og oppmodar kommunane til å setje dose to på folk så fort som mogleg.

– Frå og med no opererer vi ikkje lenger med eit fiksert intervall – ein kan setje så mange andredoser som mogleg, det einaste kravet er å sørgje for at ingen får eit lengre intervall enn tolv veker, seier smitteverndirektør Geir Bukholm til VG.

Kor mykje tidlegare folk kan få andre dose av koronavaksinen, og kva som skjer med timen dersom ein allereie har avtale om dose to, blir opp til kvar enkelt kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Intervallet mellom første og andre vaksinedose har vore tolv veker for friske personar under 65 år.

(©NPK)