Folkehelseinstituttets direktør Camilla Stoltenberg presenterte denne veka ei ny risikovurdering knytt til spreiinga av koronaviruset. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK

FHI fryktar «store negative ringverknader» av ny koronastrategi

Folkehelseinstituttet åtvarar mot konsekvensane av ein strategi der målet er å kvele koronaepidemien heilt.

I ei ny risikovurdering teiknar Folkehelseinstituttet (FHI) opp tre ulike strategiar for kampen mot koronaviruset.

Den mest ambisiøse av desse blir kalla «undertrykk» og går ut på at epidemien skal kvelast så snart som mogleg. FHI legg då til grunn at tiltaka som blir sette inn mot viruset, er så sterke at kvar person som blir smitta av viruset i Noreg, i snitt smittar færre enn éin ny person.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tysdag stadfesta statsminister Erna Solberg (H) at det er nettopp denne strategien regjeringa har valt.

Store utfordringar

Men undertrykkingsstrategien fører med seg store utfordringar.

I notatet frå FHI blir det påpeika at ein slik strategi vil krevje svært omfattande og langvarige tiltak for å redusere kontakten mellom menneske. «Flere av tiltakene kan få store negative ringvirkninger for individ, særlig andre grupper av syke, virksomheter og samfunn», heiter det.

FHI framhevar òg at det vil bli svært vanskeleg å finne akkurat dei riktige tiltaka utan at det får «unødvendig store negative ringvirkninger for individ og samfunn».

Strategien vil truleg krevje innovative tiltak for å spore smitta, og det vil bli nødvendig med nøye overvaking av nye tilfelle for å stoppe lokale utbrot raskt.

Utanlandsreisinga til nordmenn vil òg måtte avgrensast i lang tid.

Færre sjuke, mindre press

Den store fordelen med å undertrykke viruset er at færre blir sjuke, og at presset på sjukehusa blir lågt.

Alt i alt ser FHI for seg at 5–10 prosent av befolkninga blir smitta av koronaviruset i eit slikt scenario. Men kampen mot epidemien kan vare lenge, med konstant risiko for at viruset kan blusse opp igjen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det vere behov for tiltak til ein får vaksinar, som i beste fall er om halvtanna år, seier FHI-direktør Camilla Stoltenberg til NTB.

Utvikling av vaksinar kan òg ta lengre tid, viss det lykkast i det heile, åtvarar ho.

Fryktar motbør

FHI gjer det òg klart at ein slik strategi vil krevje sterk gjennomføringskraft i møte med ei befolkning, eit næringsliv og eit sivilsamfunn som vil få tunge byrder av tiltaka, utan at nytten av dei er særleg synleg.

«Krav om lettelser i tiltakene kan komme», skriv FHI i notatet sitt – og spørsmål om dei svært inngripande tiltaka har for lengst meldt seg.

Hytteforbodet har opprørt mange, og tysdag vart hyttepåsken avlyst.

Langt meir alvorleg er konsekvensane tiltaka har for norsk økonomi. 291.000 personar, eller 10,4 prosent av arbeidsstyrken, er no arbeidsledige.

På individnivå kan situasjonen bli vanskeleg både for sårbare barn og for pasientar med andre lidingar.

Allereie 17. mars vart det klart at norske sjukehus har utsett ei rekke planlagde operasjonar for å frigjere plass til det venta innrykket av koronapasientar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Valet kan utsetjast

Dei to andre strategiane FHI beskriv, har fått namna «slepp» og «brems».

Den første blir beskrive som eit frislepp med ukontrollert spreiing av viruset. I eit slikt scenario reknar FHI med at 40–70 prosent av befolkninga blir smitta på få månader, med katastrofale følgje for sjukehusa.

I «brems»-strategien blir det sett inn tiltak for å sikre at viruset spreier seg så langsamt at sjukehusa klarer å halde tritt.

FHIs vurdering er at valet mellom «brems» og «undertrykk» kan utsetjast med éin til tre veker med dei tiltaka som allereie er på plass.

(©NPK)