Geir Bukholm er smitteverndirektør i Folkehelseinstituttet (FHI).Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK

FHI: 1,8 millionar nordmenn kan vaksinerast før sommaren

Med dei nye leveransane frå AstraZeneca har Noreg truleg nok dosar til å vaksinere risikogruppene og kritisk helsepersonell innan 1. juli.

Det opplyser smitteverndirektør Geir Bukholm i Folkehelseinstituttet (FHI).

– Vi kan vaksinere 1,8 millionar nordmenn før sommaren, seier Bukholm til NTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det oppdaterte anslaget kjem etter at legemiddeltilsynet i EU EMA fredag gav ei vilkårsbunden godkjenning til koronavaksinen frå AstraZeneca og Universitetet i Oxford. Vaksinen ventar framleis på endeleg godkjenning frå EU-kommisjonen.

Noreg var opphavleg førespegla 1,1 millionar dosar av vaksinen i februar, men prognosen er no nedjustert til i underkant av 200.000 dosar, melder Helse- og omsorgsdepartementet.

Frå før har Noreg sikra seg leveransar frå Pfizer og Moderna.

– Det vi har avtale om leveransar av no, gjer at vi sannsynlegvis får vaksinert risikogrupper og kritisk helsepersonell før sommaren. Så må resten vente til etter sommaren, seier Bukholm.

Han understrekar at dette er ein førebels plan.

– Det kan komme andre vaksinar til som gjer at dette biletet ser heilt annleis ut om ein månad eller to. Så dette er eit konservativt estimat basert på dei avtalane vi har.

Helse- og omsorgsministeren Bent Høie (H) kom tidlegare i januar med eit langt meir optimistisk anslag i Stortinget. Han sa då at rundt 70 prosent av alle vaksne i Noreg truleg kan vaksinerast innan juni.

(©NPK)