Festivaltvillingane frå Vinje
Tvillingane Lillian og Monica Santos Herberg har gjort frivillig engasjement til leveveg, og er i dag blant dei mest ettertrakta produksjonskoordinatorane i norsk festivalbransje.
Tvillingane Lillian og Monica Santos Herberg (40) har vakse opp i Særensgrend i Vinje, men har budd og arbeidd utanfor bygda sidan dei var 16 år.
Etter ungdomsskulen gjekk ferda til Porsgrunn for å gå på vidaregåande. Der budde dei saman, men gjekk på ulike liner. Lillian på form og farge, medan Monica gjekk på medie og kommunikasjon. Etter vidaregåande valde dei å gå på folkehøgskule. Begge i Bergensområdet, men på ulike skular.
– Så blei me, som dei fleste som går på folkehøgskule nær ein by, verande i den byen. Så då blei det Bergen, seier Lillian.
Starta som frivillige
Tvillingane har etter kvart fått kallenamnet «festivaltvillingane», og jobbar med alt frå store festivalar til stadionkonsertar rundt om i landet. Vegen inn i bransjen starta med frivillig arbeid.
Då dei flytta til Bergen for å studere, hadde dei lite pengar, men stor lyst til å gå på konsertar. Løysinga blei å melde seg som frivillige på festivalar som Nattjazz og Bergenfest. Etter eit par år som frivillige fekk dei tilbod om betalt jobb på Nattjazz, men akkurat då hadde dei planar om studiar i New York og måtte takke nei.
– Det synest me eigentleg var litt synd, seier dei.
Men då dei kom tilbake til Bergen etter opphaldet i New York, blei dei spurde igjen – og fekk sin fyrste betalte festivaljobb.
Sidan festival-Noreg er lite, spreier ryktet seg raskt. Nye førespurnader kom, og éin jobb førte til ein annan.
– Så balla det på seg, smiler Lillian.
Dei meiner sjølve at engasjement, arbeidsglede og det å vere sjølvgåande var grunnen til at dei skilte seg ut som frivillige.
Som prosjektkoordinatorar fungerer dei som eit bindeledd mellom arrangør, artistar, tekniske leverandørar, crew, frivillige og styresmakter, og sikrar at produksjonen blir gjennomført effektivt, trygt og i tråd med budsjett, tidsplan og kontraktar.
Nokre festivalar har dei jobba med i mange år, og Nattjazz har vore fast arbeidsplass i 17 år.
Monica seier at folka i bransjen etter kvart blir som ein familie. Folk møtest att på ulike stader i landet, år etter år, og ho meiner det sosiale fellesskapet er veldig viktig.
– Det gjer det vanskeleg å seie nei til førespurnadar, for det sosiale er så viktig, seier ho.
Vanskeleg å ta fri
I dag er arbeidet med Bergen Live og Bergenfest det dei brukar mesteparten av året på, men dei er også involverte i fleire andre festivalar. Planlegginga av festivalsommaren startar i januar, og arbeidet med oppfylging går fram til november.
– Så byrjar ein å tenke litt på neste år i dei månadane det er rolegare, fortel dei.
På spørsmål om dette er ein jobb det er vanskeleg å ta fri frå, ler dei begge før dei svarar:
– Me har kanskje blitt litt flinkare til det no, seier Lillian.
– Men det er ein «work in progress», legg Monica til.
– Det handlar nok om ein kombinasjon av at me pushar kvarandre, og ein tanke om å få unna det ein kan gjera tidleg, seier dei.
Tvillingane fortel at dei for ein del år sidan bestemte seg for å teste om dei kunne leva av dette, eller om dei måtte finne på noko anna.
– Me gav det maks to år, og då dei to åra hadde gått, kom Upstage på banen, seier dei.
Etter fleire år som frilansarar fekk dei høve til å kjøpe seg inn i firmaet Upstage, som dei no blir leigde inn gjennom. Det gav meir tryggleik etter fleire år med frilansarbeid og ujamn økonomi.
Ed Sheeran og Rammstein
Via Upstage har dei vore med å planlegge store stadionkonsertar med til dømes Eminem, Rammstein, Ed Sheeran og Justin Bieber.
– Det hadde nok ikkje skjedd om me ikkje hadde vore i Upstage, seier dei.
Monica og Lillian var også med på å starte bransjefestivalen Vill Vill Vest i Bergen, etter inspirasjon frå mellom anna Bylarm og Trondheim Calling. I fjor feira festivalen tiårsjubileum.
– Det er ein heilt topp festival, ler dei.
Kva er den mest minneverdige konserten/festivalen de har vore med å arrangere?
– Alle er morosame på sin måte. Men eg ville kanskje sagt både Ed Sheeran og Rammstein-konsertane, seier Lillian.
– Det er vidt forskjellig, men produksjonsmessig veldig moro å jobbe seg fram mot begge delar, seier Monica.
Søstrene seier dei får stor meistringskjensle.
– Det er så mange månadar med jobb som ligg bak nokre få timar med konsert. Og så ser ein resultatet, og ser at det er verdt det, seier Monica.
Lillian seier sjølve konsertdagen gjev ei heilt eiga kjensle.
– Det er veldig tilfredsstillande å stå der på showdag når alt du har planlagt kjem saman, og ein ser kor gira og glade folk er og kjenner stemninga. Det er veldig moro, seier ho.
Ein styrke å vera to
Ein typisk arbeidsdag i planleggingsfasen handlar mykje om bemanning, logistikk, avtalar og kontraktar.
– Trekke ned alle dei trådane som trengst for å lage noko konkret, seier Lillian.
Sjølv om mykje er planlagt, dukkar det alltid opp uventa ting. Dei har vorte vane med å jobbe strukturert og lage eigne fristar for å halde framdrifta oppe.
– Det er veldig mykje jobb, og veldig intenst, seier dei.
Som tvillingar har dei alltid vore mykje saman. Også på jobb. Det ser dei på som ein styrke.
– Me veit kva den andre er god på, så me treng ikkje alltid å kommunisere så mykje, seier Lillian.
Samtidig innrømmer dei at begge er perfeksjonistar og kan pushe kvarandre hardt. Dei meiner likevel at det er nødvendig i ein bransje der ein i stor grad blir vurdert ut frå den siste jobben ein har gjort.
– Det er viktig at det blir bra, så me pushar kvarandre heile tida for å gjera det så bra me kan, med tanke på begge sine karrierar, seier Lillian.
Det beste med jobben er ifylgje tvillingane at dei har det moro, og at dei jobbar tett på mange flinke folk. Samarbeid og problemløysing i lag med andre gir mykje tilbake.
Monica og Lillian har både studert ulike stader, budd i ulike byar og jamvel i ulike land. Likevel har dei enda opp i same by og arbeider tett saman. Dei har også gjort festivalar kvar for seg, men fortel at det alltid endar opp med spørsmål om den andre kan jobbe også.
– Me endar opp med å jobbe på same festivalar uansett, ler dei.
Gjæv pris
I haust vann søstrene bransjeprisen «Årets produksjonskoordinator».
– Det var veldig hyggeleg og det betydde mykje, seier Lillian.
– Det var faktisk veldig rørande, legg Monica til.
Søstrene fortel at dei trivst best bak scena, utan mykje merksemd.
– Me gjer ikkje så mykje ut av oss, og me hatar å stå på scena. Det er berre stress, ler Monica.
Ho seier likevel at prisutdelinga vart ei god oppleving.
– Det var stas, og det var mange av dei me har jobba med opp gjennom åra som var der. Det var koseleg og veldig fint, seier ho.
Lillian seier prisen kom uventa.
– Sjølv om det var veldig uventa, er det fint å få anerkjenning, seier ho.
Prisen er eit tydeleg bevis på at søstrene er gode i sitt fag. Dei blir omtala som blant dei beste i landet til å arrangere festivalar og konsertar.
– Åh, det er litt flaut, ler dei.
– Det er litt vanskeleg å ta inn over seg, og så får ein litt prestasjonsangst. Men me må nok bli flinkare til å ta imot komplimenta og ta det til oss. Me set veldig pris på at folk likar den jobben me gjer, seier dei.
Lyst til å vera meir i Vinje
Det siste året har søstrene vore oftare i Vinje enn vanleg, mykje på grunn av Gauken-festivalen, som blir arrangert i midten av august, som dei er med å arrangere.
Dei har stor tru på festivalen og opplever stort engasjement lokalt, både frå styret og frå folk elles.
– Eg trur det blir kjempegøy, seier Lillian.
– Eg tenker det blir eit heilt strålande tilskot til bygda i sommar, seier Monica.
Søstrene utelukkar ikkje at dei ein dag flyttar tilbake til Vinje.
– Noko av det som gjorde det lett for oss å gå inn i denne festivalen, var at me ynskte å vera meir heime, smiler Lillian.
Dei peikar på at jobben som produksjonskoordinator kan gjerast frå nesten kvar som helst.
– Viss me kan flytte jobben vår litt meir mot Vinje, så er det ein bra ting, avsluttar Monica.