Det føreslåtte auka våpengebyret for ferske jegerar blir stansa.

Ferske jegerar slepp høgare kostnader

Regjeringa og samarbeidspartia har i arbeidet med revidert nasjonalbudsjett vorte samde om å droppe den føreslåtte auken i fleire gebyr knytte til våpenforvaltninga.

Publisert Sist oppdatert

Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) er svært tilfreds med avgjerda, som mellom anna får betydning for personar som søkjer om våpenløyve for jakt, skriv NJFF i ei pressemelding.

Ifølgje foreininga ville dei føreslåtte gebyra gjort det dyrare å kome i gang med jakt. Dei opplyser at mellom 10.000 og 12.000 personar tek jegerutdanning kvart år. Organisasjonen meiner det er positivt at det ikkje blir lagt ytterlegare utgifter på dei som ønskjer å starte med jakt, sidan nødvendig utstyr allereie medfører kostnader.

– I Noreg er jakt ein ønskt friluftslivsaktivitet og her i landet har vi klart å halde på at jakt er tilgjengeleg for allmenta, seier informasjonssjef i NJFF, Line Lillebø Osfoss.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS