Vinje sjukeheim. Foto: Geir Ufs

Fekk svar på 22 prøver. Alle var negative.

I dag startar vaksineringa i Vinje kommune.

Det melder ordførar Jon Rikard Kleven på Facebook. Vinje kommune får berre 15 vaksinedosar per veke den fyrste tida. 4 av 5 dosar (80 prosent) går til bebuarar på sjukeheimen. Resten går til helsepersonell i kommunen.

I går fekk kommunen svar på 22 nye prøver. Alle var negative. Dermed er smittestatusen som han har vore.

– 17 personar busette i Vinje kommune er stadfesta smitta. Status er uendra frå måndag, melder ordføraren.