Faktasjekk: Elevane lærte denne veka om kjeldekritikk og faktasjekking under opplegget «Faktasjekk feeden din» i regi av Tenk, utdanningsavdelinga til Faktisk.no.

Fekk opplæring i å «faktasjekke feeden»: – Me blir bombardert med informasjon

Elevar frå Vest-Telemark hadde denne veka spesialisert opplegg inn mot kjeldekritikk.

Måndag fekk elevane fagleg påfyll og informasjon om korleis ein kan sikre god kjeldekritikk i dagens samfunn.

– Det finnast utruleg mykje feilinformasjon som gøymer seg bak uskuldige emneknaggar som utfordringar, «life hacks» (tips og triks i kvardagen, journ. merk) og trendar i sosiale media. Korleis skal me stelle oss til dette, og kva kan me eigentleg stole. Korleis kan me gjera val på bakgrunn av informasjon me tek imot og oppsøker. Me er avhengige av breidde i kjeldeuniverset vårt, fortel Oda Marie Skancke i Tenk, skuleavdelinga til Faktisk.no.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har lært korleis ein kan avsløre falske nyhende, korleis ein kan sjekke om ei kjelde er truverdig. Me har også lært om algoritmar – korleis sosiale medium bevisst plukkar opp informasjon om oss for å få oss til å bruke meir tid på plattforma, seier Sigrid Jonassen Verpe, ein av deltakarane på kurset.

Skancke hadde tysdag føredrag om TikTok, algoritmar og konspirasjonsteoriar på Vinjesenteret, der elevane også fekk vera med på eit «eksklusivt djupdykk i feeden».

Dykka: Tysdag fekk elevane vera med på eit «djupdykk i feeden» på Vinjesenteret.

– Aldri vore viktigare

Onsdag hadde VTB-redaktør Øystein Øygarden føredrag om korleis avisa arbeider med kjeldekritikk. Han viste konkrete, lokale eksempel på korleis journalistar må ta omsyn til reglar, retningsliner og personvern før publisering av saker.

– Med så mange plattformer og informasjon som er i dag, er det viktig at alle er opptatte av kjeldekritikk. Kva er sant og kva er ikkje sant? Dei redaktørstyrte media er meir viktig enn nokon gong. Det er veldig bra at elevane har hatt kjeldekritikk på timeplanen denne veka, og at dei blir medvitne sine eigne medievanar. Og så trur eg at fleire enn ungdomane har behov for faktasjekk i kvardagen, seier Øygarden.

Jonassen Verpe trur også god kjeldekritikk er «ekstremt viktig» for unge i dagens samfunn.

– Me blir gjennom mange forskjellige medium bombardert med mykje forskjellig informasjon og «tips» som kan handle om alt frå kva du bør eta og ikkje, til konspirasjonsteoriar om alt mogleg. For å kunne unngå å la seg påverke i alt for stor grad av usanningar, er det veldig viktig å kunne vera kritisk til det ein les, seier ho.

Ho fortel at dei også i den daglege undervisninga er bevisste på kjeldekritikken.

– Eg føler eigentleg at me har jobba ganske mykje med kjeldekritikk i dei fleste fag, i alle fall etter at den nye læreplanen tredde i kraft. Kvardagsleg er skulen ganske opptekne av å lære oss at me må bruke mange forskjellige kjelder når me jobbar med fag, og at det alltid er viktig å lese på ein kritisk måte, forklarar Jonassen Verpe.

Artikkelen held fram under annonsen.

Torsdag og fredag hadde elevane «kick-down», der dei reflekterte over arbeidet dei hadde gjort i løpet av veka, og korleis ein kan bli meir kjeldebevisst.

– Det handlar ikkje om å unngå kjelder, men det handlar om å ha eit bevisst forhold til dei, og vite kva deira agenda med informasjonen er, seier Skancke.