Geitebonden: Haldis Pettersen fekk både suss og kos frå prinsessa. Eg har sakna lukta av fjøs.

Fekk besøk av ei prinsesse frå Øyfjell på sjukeheimen

Åshild Dale fekk låne eit kopplam som ho tok med på sjukeheimen i Åmot.

Ho opplever at mange av pasientane snakkar om lemming på denne tida av året, og bestemte seg for å bruke ein fridag på å kome på overraskingsbesøk med eit kopplam.

– Det var til glede for mange. Ein av pasientane på Vesleheimen spurte om lammet hadde eit namn. Då sa eg at det var ei prinsesse. Då må det bli Astrid då, sa ho. Så då blei det prinsesse Astrid frå Øyfjell, fortel Dale.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kopplammet som Tor Byggland lånte bort gleda mange. Dale fortel at mange andlet lyste opp i løpet av timen med besøk.

– Det er så fint at dyr kan gje så mykje glede i kvardagen. Me skulle så gjerne hatt fleire dyr på besøk på sjukeheimen, seier Dale, som takkar bonden for lån av prinsessa.

Fekk besøk: Jorunn Hagen fekk triveleg besøk.