Skuter: Om ein reiser på skutertur, må ein fylgje dei nasjonale reglane. Viss ikkje kan konsekvensane bli fatale.

Får meldingar om festar og skutersamlingar: – Følgjene kan bli fatale

Det har kome meldingar om festar med opptil 50 personar i Vinje kommune. No er den klare oppmodinga: – Vent med festen.

Kommunen og politiet har høyrd om sosiale samlingar både på skuter og heime.

– Me ber om at de ventar med festen. De veit ikkje kven som kan vera smitta. Mange ungdom har også foreldre som er helsepersonell. Mange ungdom har familie i sårbare grupper. Dette kan gjera smittespreiing ekstra sårbart, skriv Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven i dagens statusoppdatering – der han også stadfestar at ein person frå Åmot nå er stadfesta smitta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vent med festen

Sjølv om me no har ekstra tid, er det å arrangere fest eller sosiale samvær ein veldig dårleg idé! Ingen barn, ungdom eller vaksne skal samlast i større samlingar akkurat no. Fleire stader i landet inviterer nokon til «koronafestar» der ungdom feirar at det er skulefri og skulen er stengt. Ver ein ven, ikkje inviter til slike festar, og ikkje gå på slike festar.

Kvifor skal me ikkje ha slike festar, og kvifor skal me ikkje dra dit?

– Koronaviruset er kanskje ikkje farleg for akkurat deg om du skulle få det – men det kan være livsfarlig for dei som er gamle, og dei som er sjuke. Me kjenner alle nokon som er sjuk og har eit dårlig immunforsvar, eller nokon som er gamle. Du kan bidra til at dei og kjem seg gjennom dette!

Men eg er jo ikkje sjuk!? Kan eg smitte nokon då?

– JA! Du kan det. Smitte kan skje før du får symptoma på korona.

Eg tenkte berre å samle nokon få vener og henge?

– Det er heller ikkje ok. Der fleire menneske er samla, er det ein risiko for spreiing av smitte.

Kva kan eg gjere dersom eg høyrer om ein slik fest?

– Ikkje delta! Sei til den som inviterer at dette må avlysast. Vaksne som hører om ungdom som skal på ein slik fest: sei nei!

Dette er alle sitt ansvar, enten me er 18, 25 eller 56 år gamle. Ta ansvar du og!

– Trur ikkje alle skjønnar alvoret

Marius Aksvik (19) frå Rauland er blant dei som trivst på skuteren vinterstid, men han er klar på at han i desse tider køyrer for seg sjølv – og i alle fall ikkje med fleire enn fem slik dei nasjonale råda set grenser for utandørs.

– Er det ikkje best å halde seg heime nå då, halvt spør han og halvt konstaterer han.

– Det er litt meir keisamt åleine, men det går greitt. Det er uansett ikkje så lenge att av skutersesongen, seier Aksvik.

Han er på skutertur fleire gonger i veka og er glad for å bu i ein kommune med kommunalt løypenett.

– Det er fint å kunne lufte seg litt og få fine naturopplevingar, seier han.

Han veit at det er festar og skutersamlingar i heimbygda. Det trur han heng saman med at det ikkje er påvist smitte i Rauland enno.

– Det er nok ikkje alle som skjønnar alvoret, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Uroa

Silje Hagen er ungdoms- og fritidsleiar og SLT-koordinator i Vinje kommune. Ho er uroa over meldingane om festar. Ho varslar at dei vil bruke sosiale medier, som snapchat og instagram, til å kommunisere med dei unge. I tillegg vil kommunen ha tett dialog med ungdomsrådet.

– Me må ut med så god informasjon at dei forstår alvoret og kva som er konsekvensane, seier Hagen.

– Me bur på ein så liten plass. Kanskje ein av foreldra jobbar i helsevesenet. Då kan følgjene bli fatale. Det treng ikkje vera dei som er på festen som blir ramma, men folk som står dei nære kan ha ein nøkkeljobb eller vera i risikogruppa. Koronaviruset tek ikkje pause, seier ho.

Hagen forstår at unge i dag kan synest dagane er litt keisame. Men ho ber innstendig om at dei tenker seg om og fylgjer råda frå sentralt hald.

– Enn så lenge får ein halde kontakten via teams eller messenger, seier ho, og understrekar at det ein sjølvsagt må få seg frisk luft – men at ein må ta omsyn og halde seg til reglane som ligg føre.

SLT-koordinator: Silje Hagen

Politiet fylgjer med

Seksjonssjef ved Vinje politikontor, Trond Neri Flothyl, seier dei får meldingar om festar og at dei fylgjer med.

– Det er ikkje berre ungdomar, men også unge vaksne. Me veit nok berre bittelitt av det som skjer, seier Flothyl.

Politiet har framleis ikkje fysisk brote opp ein fest, men dei har hatt telefonkontakt og forklart stoda der det har vore sosiale samlingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er nok ikkje alle som tenker på at om ein blir smitta så kan ein slå ut viktige brikker i lokalsamfunnet, seier Flothyl, som legg til at dei vil fylgje med motorferdsel i utmark den komande tida.

Trond Neri Flothyl.

– Køyr skuter, men fylg reglane

Vegard Bråstøyl ved Vinje motorsenter på Mogane seier folk gjerne må køyre skuter.

– Men gjer det i lovlege former og fylg dei nasjonale føringane, seier Bråstøyl.