Snø: Det er mykje snø i Vest-Telemark, nå vil Tokke kommune gjere tiltak for å hjelpe hjortedyra i skogen.

Får løyve til å køyre snøskuter for å hjelpe hjorteviltet

Tokke kommune gjev denne veka løyve til at grunneigarar kan køyre opp spor med snøskuter på eigen eigedom som viltet kan bevege seg langs.

Tokke kommune melder på heimesida at dei innfører snøskuterkøyring som avbøtande tiltak for hjortevilt.

– Kommunen innfører eit generelt løyve til at grunneigarar kan køyre snøskuter for å hjelpe hjortevilt i veke 4. Løyvet er heimla i dyrevelferdslova § 3 og motorferdselslova § 6, skriv skog- og utmarksrådgjevar Per Wraa i saka.

Artikkelen held fram under annonsen.

I den delegerte saka skriv han at det har kome tilbakemeldingar på at dei store snømengdene den siste tida fører til utfordringar for hjortevilt, og at dei trekker mot brøyta bilvegar. Dette fører til farlege situasjonar i trafikken. Det er også observert mindre individ som ikkje klarer å ta seg fram i dei store snømengdene.

Tokke kommune er sterkt plaga med påkøyrsel av hjortevilt. Erfaring tyder på at dette problemet er aukande ved store snømengder.

– Det blir spesielt oppfordra til å køyre trasear vekk frå offentleg veg og inn i område der det er god tilgang på vinterbeite, og dessutan at dei som har mogelegheit for å køyre løyper prioriterer område der det er observert hjortevilt på offentleg veg, skriv Wraa i saka.

Han legg til at det vil bli gjort ny vurdering av behovet for om dette løyvet skal vidareførast i veke 5.

Vilkår for å kunne køyre snøskuter er:

Løyvet gjeld for heimelshavar på eigen eigedom. Som heimelshavar reknast i denne samanhengen også foreldre, ektefelle og barn.

Der ein må krysse annan person sin eigedom for å kome til eigen eigedom, skal dette vere avklara i forkant.

Køyringa skal ikkje bere preg av villmannskøyring og skal skje i område der det er naturleg for viltet å ferdast.

Møter ein på vilt under køyring skal det bli tatt spesielt omsyn til desse. Om naudsynt skal ein snu og ikkje stresse viltet unødig.

Det skal brukast hjelm og førar skal ha gyldig førarkort. Snøskuteren må vere registrert.

Kjelde: Tokke kommune